Tekst og foto: Iver Vattøy

Hødd 2-trenar, Jesper Törnqvist, var nøgd med det heimelaget leverte i fyrsteomgangen.

- Vi visste at det kom til å bli ein tøff kamp i dag og ei skikkeleg prøve for gutane i dag. Eg er veldig nøgd med 1.omgang, sjølv om vi ligg under 2-1 til pause. Vi var heilt på høgde med Træff, og gjorde mykje bra med ball og var gode særleg i det offensive spelet.

Kom godt i gang

Hødd starta best, og gjekk opp i leiinga etter 10 minutt. Bam Hide spelte ei god pasning inn til Gustav Dimmen, som runda keeperen på flott vis før han sendte heimelaget i leiinga.

Minuttet etter var det Bam Hide som prøvde seg med ein Volley frå 20 meter. Hide fekk eit godt treff, men ballen gjekk like Træff-målet.

Gleda for heimelaget vart kortvarig.

Berre nokre minutt etter målet varta gjestane opp med eit kjempeangrep. Først med ei krempasning ut mot høgrekanten som tok seg innover i bana og la inn mot bakarste stolpe. Eirik Kjørsvik heada ballen mot mål, men vart stoppa av ein god Joakim Goksøyr Ulstein i Hødd-målet.

Like etterpå fekk gjestane fullklaff. Eit kort frispark vart spelt ut til Khachatrjan som banka ballen i næraste kryss frå omlag 25 meter.

Hødd-keeperen mått gi retur på eit langskudd, og på returen kunne Simen Varhaugvik enkelt setje inn 2-1 til gjestane. På eit lite kvarter hadde gjestane snudd kampen.

Eit par gode redningar frå keeper Joakim Ulstein, sørga for at laga gjekk til pause på stillinga 1-2.

Hødd 2 opna omgangen best, men etter kvart tok Træff-laget meir og meir over. Sjølv om heimelaget leverte ein god omgang, var det gjestane som tok best var på sjansane sine.

Kollaps

Etter pause heldt gjestene der dei slapp i slutten av 1.omgang. På åtte minutt auka dei leiinga til 1-4. Først ei perlescoring frå Træff sin brasilianar, Bruno Lopes. Lopes fekk tid og rom utanfor 16-meteren, og "curla" ballen i lengste hjørne på vakkert vis. Treminutt seinare var Alexander Johansen særs heldig med eit sleivspark som gjekk i krysstanga og over streken.

Sjølv om heimelaget fekk ein skikkelig kalddusj etter pause, fekk dei ein ny giv då Gustav DImmen reduserte til 2-4.  Ei pasning i verdensklasse frå høgreback Fjørtoft gjekk rett i beina på Gustav DImmen. Dimmen tok eit steg til sida før han avslutta knallhardt via keeper og i mål

Heimelaget var slappe i presset, og det nytta Træff til det fulle. Eirik Kjørsvik fekk gå heilt upressa med ballen før han banka ballen i krysset. Ei av fleire perlescoringar for gjestane.

Gjestane slapp ikkje på gassen, og auka til 2-6 før Ola heltne Nilsen reduserte til 3-6 etter ein corner.

På overtid la gjestane på til 3-7 som også vart sluttresultatet i kampen.

Gav aldri opp

Törnqvist var ikkje like nøgd med dei siste 45 minutta av kampen.

-Andreomgangen er ein stor kontrast til den fyrste. Vi er slappe i presset og gir Træff sjansen til å avslutte heilt upressa. Sjølv om måla i seg sjøl er vanskeleg å gardere seg mot, burde vi gjort ein betre jobb i presset, sa To¨rnqvist etter kampen.

-Det positive er at laget aldri gir opp. I siste halvdel av omgangen greier vi å presse dei mykje, og hadde vi fått eit mål til på stillinga 3-6, kunne det blitt spennande det siste kvarteret, avslutta han.

Hødd 2 ligg framleis nederst på tabellen med fem poeng etter 12 kampar. Etter denne runda vil dei ligge minst 13 poeng bak sikker plass i avdelinga.

Det byrjar å sjå mørkt ut med tanke på vidare spel i 3.divisjon i 2019, men med ein god haustsesong kan det bli spennande.

Før sommarferien skal dei møte KBK 2 og Oppsal.

Fakta om Hødd2-Træff:

Mål:

Gustav Dimmen (2), Ola Heltne Nilsen

Gule Kort:

William Fjørtoft, Bam Hide, Robin Hjelmeseth og Sander Djupvik

Laget:

Joakim Goksøyr Ulstein

Ola Heltne Nilsen

William Fjørtoft

Bastian Myklebust Rasmussen

Petter Haddal Worren

Sindre Ryttvad Kleiven

Elias Martin Flø KAPTEIN

Bam Hide

Sander Djupvik

Robin Hjelmeseth

Gustav Brandal Dimmen

Benken:

Isak Moen Endal

Håkon Grimstad Thormodsæter

Richard Moldskred Hasund

Kristian Vatsaas

Tobias Pettersen Hatløy