VU-Spelen er verdas største barne- og ungdomsstemne i friidrett, der meir enn 4000 deltakarar er med.

Jonas André Ose sikra medaljefangst for Dimna IL, då han tok sølv på 200 meter søndag. Der sette Ose personleg rekord med 22,35. Ifølgje Arve Hatløy var det svært vanskelege forhold under 200 metrane, med kraftig motvind i starten. Han trur difor at Ose vil kunne presse ned tida ytterlegare utover sesongen.

Ose deltok også på 100 meter. Der vann han forsøksheatet sitt, men også her var Ose uheldig med vinden. Tida vart difor ikkje god nok til å få springe i A-finalen, men i B-finalen var han suveren med 11,09.

Hatløy fortel at også Caroline Amalie Sætre var nære medalje i Göteborg. På 300 meter hekk var ho nummer tre i det sterkaste heatet, men Sætre blei slått av ei jente frå heat 2 og enda på ein fjerdeplass totalt, eit fattig hundredel bak pallen.

– Iver Moldskred var også nære pallen i spyd. I G18/19-klassa kasta han 54,51 meter og det heldt til ein 4.-plass, fortel Arve Hatløy.

Og sjølv om det ikkje blei så mange pallplassar under VU-spelen, så vart det levert mange gode prestasjonar frå Dimna-utøvarane.

Mellom anna tok Anna Garnes Kleven kravet til senior-NM då ho hoppa 5,36 i lengde. Det hoppa ho både i kvalifiseringa og i finalen, og sikra seg til slutt ein 7.-plass i konkurranse med heile 80 deltakarar. Her var også Kornelia Roppen med, men ho kom seg ikkje vidare til finalen denne gongen. Roppen deltok også på 100 meter hekk, der ho sette personleg rekord.

– Johanne Rise Kvalen (18) tok seg også til finalen i lengde. I hard konkurranse med dei beste 18 og 19 åringane enda ho på 10.-plass med resultatet 5,47m. Ho løp også ein god 200 m i motvinden søndag, fortel Hatløy.

Anette Lydersen var ikkje langt bak sin personlege rekord då ho kasta 44,58 under sleggekonkurransen. I konkurranse med 35 16 og 17-åringar enda ho på ein 13.-plass totalt.

Også Alice Ulla Berg var nære ”pers”. Ho sprang inn til 57,89 på 400 meter.

– Mats Fredriksen (16) prøvde seg for første gang på 2000 m hinder. Han måtte konkurrere i klasse med eit år eldre gutar. Han fekk dermed også litt høgare hinder enn kva han vil møte under UM (91 cm mot 76 cm høge hinder). Han gjennomførte eit sterkt hinderløp på tida 6.56,70. Løpet sat nok litt i beina då han søndag også prøvde seg på 3000 m utan hinder. Her løp han inn på tida 9.55. Det er om lag ti sekund bak persen frå Tyrvinglekene, fortel Hatløy.