Det var nære på å gå skikkeleg gale for Karsten Warholm då han hekta i den nest-siste hekken under innspurten på 400 meter hekk i Paris laurdag. 22-åringen såg ut til å miste balansen, men heldt seg på beina og sprang inn til 48,06 og ein tredjeplass. Ei imponerande tid trass den uheldige hekkepasseringa.

For 48,06 er hans tredje beste tid nokon gong, men i Paris viste både Abderrahman Samba og Kyron McMasters at 400 meter hekk er på veg opp til eit nytt nivå og at Karsten Warholm verkeleg har fått ei solid utfordring.

To knalltider

McMasters deltok i sitt andre Diamond League-stemne for året og gav Warholm kamp frå start. For 22-åringen frå Ulsteinvik gav som vanleg full gass ut frå startblokkene. I mål leverte McMasters 47,54, og kanskje ville Warholm vore i nærleiken av dette utan nestenulukka i innspurten.

Sjølv med eit perfekt løp ville det nok likevel vore litt opp til Abderrahman Samba.

Han har hatt ei enorm utvikling på 400 meter hekk denne sesongen, og i Paris leverte han tidenes nest-raskaste tid på distansen gjennom alle tider. Med 46,98 vart han den andre personen som har vore under 47 sekund på langhekken og no byrjar det etter kvart å sjå mørkt ut for Kevin Young sin verdsrekord på 46,78.

Første angrep kjem allereie torsdag. Då skal Warholm, Samba og McMasters ut i ny duell, denne gongen i Lausanne.

Denne sesongen har også Rai Benjamin vore i nærleiken av ei tid under 47 sekund, då han sprang inn til 47,02 i Eugene 8. juni. Han deltek også i Lausanne, men har valt å springe 200 meter der, som han også gjorde i Paris.

I utgangspunktet såg løpet i Lausanne ut til å bli Warholm sitt siste løp før EM i Berlin i august, men etter VM-gullet i London har Warholm blitt ein populær mann i den engelske hovudstaden.

Trekkplaster i London

Difor er Warholm henta inn som eitt av trekkplastera til årets Diamond League-stemne, sjølv om 400 meter hekk ikkje står på det offisielle programmet i London. Arrangørane har difor lagt opp til eit eige løp på langhekken, der Warholm er den store attraksjonen.

Men først er det Lausanne som står på programmet. Der har Warholm ei ny moglegheit til å kome under 48 sekund på langhekken, som han har gjort to gongar tidlegare denne sesongen.

Vil ha meir: 400 meter hekk stod ikkje på Diamond League-programmet i London, men arrangørane sette opp øvinga for å få Karsten Warholm tilbake til byen. Foto: Heiko Junge / NTB Scanpix Foto: Junge, Heiko