Torsdag starta Therese Falk frå Hareid på eit verdsrekordforsøk på 24-timersløp på kvinnesida på tredemølle. Forsøket går føre seg på Skullerud Sport Senter i Oslo. Det er VGTV som arrangerer og sender verdsrekordforsøket direkte.

Like før 14:40 passerte Falk 50 kilometer. Då hadde ho vore på mølla i 4 timar og 40 minutt. Det vil seie at det stod att over 19 timar av forsøket, og at det framleis var om lag 200 kilometer igjen til verdsrekorden. Den er nemleg på 247,2 kilometer.

Sjå rekordforsøket her

Falk har dei siste åra tatt steget opp som landets beste kvinnelege ultraløpar. Ho har mellom anna den norske rekorden på 236,803 meter. Den sette ho under eit løp i London i fjor.

på tredemølle: – Viss eg skal springe 240 km, må eg halde ei fart på 10 km/tim, seier Therese Falk. Foto: Privat Foto: Privat