Torsdag kveld var det klart for eit nytt møte mellom Karsten Warholm, Abderrahman Samba og Kyron McMasters under Diamond Leauge i Lausanne.

Alle tre har tider på godt under 48 sekund denne sesongen, og i Paris slo Samba like godt til med den knallsterke tida 46,98.

Karsten Warholm tok som vanlig teten frå start på langhekken. Samstundes gjekk Samba svært godt og passerte i siste svingen. Samba storma i mål på 47,41, ikkje like godt som i Paris sist, men framleis ei knallsterk tid.

Warholm sikra seg andreplassen og kom under 48 sekund for tredje gong i år, men det gjekk ikkje fullt så raskt som i Stockholm og tida hans enda på 47,94. Litt fram til sin eigen norske rekord, men ei ny sterk tid av Warholm. Kyron McMasters måtte bryte løpet halvvegs.

Karsten Warholm stadfesta samstundes at han er den store favoritten før EM i Berlin. Næraste utfordrar der blir truleg Yasmani Copello, men han var nesten sekundet bak Warholm.