Fekk prøve seg mot knalltøff motstand

Tre Dimna-utøvarar var med under Boysen Memorial på Bislett torsdag.

Anna Garnes Kleven, Alice Ulla Berg og Jonas André Ose representerte Dimna IL under Boysen Memorial.   Foto: Arve Hatløy/Dimna IL.

Sport

Jonas André Ose, Anna Garnes Kleven og Alice Ulla Berg stod alle på startstreken under Boysen Memorial på Bislett torsdag, der mange av landets beste friidrettsutøvarar også stilte.

Ose stilte både på 100 meter og 200 meter. På den kortaste distansen sprang Ose inn til 11,18. Det var nokre hundredelar for sakte til å gå vidare til B-finalen. Både 100 meteren og 200 meteren vart vunne av Jonathan Quarcoo.

På 200 meter sprang Ose inn til 22,63. Han har vore raskare på begge distansane tidlegare, men fekk verdifull erfaring mot meir erfarne sprintarar.

Den andre 16-åringen frå Dimna som stilte på Bislett var Anna Garnes Kleven, som deltok i lengde. Ho fekk ikkje opp like gode hopp som under Världsungdomsspelen i Göteborg sist helg. Då tok ho kravet til NM med eit hopp på 5,38. Det lengste hoppet denne gongen vart på 5,13. Svenske Erika Kinsey vann med 6,29.

– For Anna og Jonas var dette viktig og god erfaring føre dei norske meisterskapa som kjem i august. No skal dei legge inn ei god treningsperiode etter ei lang periode med mange konkurransar. No blir det viktig på bygge opp ein ny formtopp fram mot NM i Byrkjelo i midten av august, fortel Dimna-trenar Arve Hatløy.

Alice Ulla Berg sprang 400 meter på Bislett.

– Ho kom inn på 7.-plass med tida 57,79. Det er like bak hennar personlege rekord på 57,31 sek. Det blei svensk siger på 400 meter. Lisa Duffy løp inn på den sterke tida 54,47 sekund, fortel Hatløy.