Dei skulle helst hatt alle tre poeng borte mot KBK 2, men Hødd 2 måtte nøye seg med eitt poeng på bortebane søndag. Trenar Jesper Törnqvist meiner samstundes at pilane peikar rett veg for rekruttlaget.

– Vi er eigentleg fornøgde med prestasjonen og eg synest vi totalt sett spelar ein bra fotballkamp. Vi startar veldig bra, men så får vi ei svakare periode der vi slit litt med å få tak på KBK. Inn mot pause måtte vi forsvare oss ganske mykje, men vi gjer ein del grep og kom inn til den andre omgangen på ein litt anna måte. Då synest eg vi er det førande laget og vi hadde også sjansen til å score vinnarmålet som ville gitt oss tre poeng, fortel Törnqvist.

Han legg til at det er litt skuffande at ikkje Hødd 2 klarte å sikre seg sigeren i sluttminutta, men at kampen uansett var eit steg i rett retning.

– Vi møtte eit godt KBK-lag med fleire spelarar som har erfaring frå Eliteserien. Dette var ein god test for gutane våre og eg synest dei takla det på ein god måte i dag, seier trenaren.

Sjølv hadde Hødd med tre spelarar frå A-troppen. Jonas Mathiesen i mål, i tillegg til Eirik Franke Saunes og Robin Hjelmeseth. For A-laget til Hødd har teke ferie og dermed er det ikkje så mykje hjelp å få derfrå for rekruttlaget.

– Eirik kom flygande direkte hit for å spele kampen. Både han og Robin spelte ein god kamp i dag, medan Jonas stod godt i mål. Vi får god hjelp frå dei vi har med, men vi skulle gjerne hatt eit par til. Samstundes har vi fleire som får vist seg fram og gjer ein god kamp. Vi er fornøgde med prestasjonen i dag.

No har Törnqvist og rekruttane berre ein kamp igjen før laget får ein månads sommarpause, men det blir neppe noko enkel oppgåve borte mot Oppsal.

– Det er kanskje beste laget og beste heimelaget i avdelinga. Det blir ein tøff kamp, men vi vann også mot Follo, som var beste laget i avdelinga på det tidspunktet. Vi har vist at vi kan på gode dagar og at vi då kan matche dei fleste. Samstundes vil det ha litt å gjere med kva spelarar vi har tilgjengeleg, og slik vil det alltid vere for eit toarlag, seier Törnqvist.

At laget ville hatt godt av eit par gode opplevingar før haustsesongen, der laget må plukke klart meir poeng enn dei har gjort i vår er nok liten tvil om.

– Vi har ikkje tatt mykje poeng i det siste, men vi har to uavgjortkampar på dei siste tre. Også i kampen mot Træff, der det til slutt blei stygge siffer, så var vi lenge med i kampen. Vi tar steg heile tida, men med eit så ungt lag vil det gå opp og ned. Vi lærer heile tida, avsluttar trenaren.

KBK II – Hødd II 1 – 1 (1–0)

Kristiansund stadion

Dommar: Bendik Haarberg, Studentspretten IL

Mål: Ole Christian Hammerfjell Sæter (41), 1–1 Bam Hide (51)

Hødd II: Jonas Mathiesen – Elias Flø, Eirik Franke Saunes, Ola Heltne Nilsen – Sindre Kleiven (Håkon Thormodsæter 75), Sander Djupvik, Petter Haddal Worren (Isak Haanes 57), Sveinung Tilseth, Håkon Botn Brautaset (Bastian Rasmussen 90), Bam Hide – Robin Hjelmeseth