Spelarane i a-troppen til Hødd er tilbake etter ein kort sommarpause og førebur seg til ein tøff og spanande haustsesong. Samstundes er det fleire område enn det reint sportslege som er spanande for tida.

I ei pressemelding frå Hødd Fotball onsdag vart det klart at dagleg leiar Oddmund Davik Otterlei, sportssjef André Nevstad og FFO- og medieansvarleg André Aurvåg Gardshol blir permitterte i 50 prosent over sommarferien.

– Vi hadde eit forholdsvis offensivt budsjett som gjekk omtrent i null. Når vi ser at det ser ut til å bli for offensivt, så må vi gjere grep som sikrar at vi har moglegheita til å nå budsjettet, fortel Oddmund Davik Otterlei til Vikebladet Vestposten.

Offensivt budsjett

Er det sviktande inntekter som er hovudutfordringa?

– Det har vore budsjettert offensivt både på inntektssida og litt offensivt på kostnadssida også. Det er litt på begge sider, seier Davik Otterlei.

Mellom anna har Hødd budsjettert med brukbare billett- og kampdagsinntekter.

– Vi selde temmeleg rimelege sesongkort, der både a-laget og rekruttlaget var inkludert. Vi håpte nok kanskje at vi skulle få endå betre sal enn det vi enda på. Samstundes har vi over 1000 stykke på kvar kamp, men vi ligg også i toppen av avdelinga og hadde kanskje håpa på endå litt meir, seier Hødd sin daglege leiar.

Tilskodartala er uansett imponerande til å vere ein klubb på tredje nivå i norsk fotball, då det er mange klubbar også i Obosligaen som ikkje er i nærleiken av dei same tala, men dette er likevel ikkje nok til å sikre like gode inntekter for Hødd som då klubben var i Obosligaen.

Oddmund Davik Otterlei fortel at det ikkje er sett noko tidsavgrensing for permitteringane i administrasjonen.

– Nei, det er ikkje det. I utgangspunktet gjer vi dette for å kontrollere utgiftene og ser vi at det kjem til å gå greitt i forhold til balansen, så kan vi oppheve permitteringane. Ser ein at det ikkje går, så kan det vare fram mot nyttår.

Kva konsekvensar får det at både dagleg leiar, sportssjefen og medieansvarleg berre skal gå i 50 prosent stilling?

– Vi må prioritere knallhardt på kva vi gjer. Vi må vere strukturerte og rett og slett prioritere nokre ting, medan andre ting må leggast vekk. Vi må også kalle på Hødd-ånda, for her må alle ta i eit tak og jobbe ekstra hardt. Det er jo litt av Hødd-ånda å gjere det slik, at vi tek i eit tak for fellesskapet, seier Davik Otterlei.

Prøvar å auke inntektene

Hødd sin daglege leiar har også tidlegare fortalt at den økonomiske situasjonen i klubben er krevjande og at ein både må sjå på tiltak for å spare pengar og for å auke inntektene. Det jobbar Hødd framleis med.

– Vi prøvar å skape aktivitet utover som skal bidra til å auke inntektene. Det er vi avhengige av og vi kjem til å sette i verk ein del tiltak i haust for å sikre auka inntekter. Det er ikkje alt som er konkret endå, men det kjem til å dukke opp etter kvart, seier Davik Otterlei.

Før sesongen vedtok styret i IL Hødd Fotball at ein ønskte å halde oppe nivået på den sportslege satsinga i klubben. Dette for at laget skal ha best mogleg sjanse til å sikre eit opprykk til Obosligaen, som vil kunne sikre klubben betydelege inntekter samanlikna med kva ein har i 2.-divisjon.

– Så langt som mogleg vil vi skåne sporten. Det er viktig for oss å fullføre ein god sesong både på dame- og herresida. Difor ønskjer vi ikkje å påverke det, så godt som mogleg. Det ligg sjølvsagt mykje pengar i eit opprykk for herrelaget og difor er det veldig viktig, slår Oddmund Davik Otterlei fast.