IL Hødd Fotball skriv onsdag i ei pressemelding at dagleg leiar Oddmund Davik Otterlei, sportssjef André Nevstad og FFO- og medieansvarleg André Aurvåg Gardshol blir permitterte i 50 prosent over sommarferien.

– Vi har valt å permittere deler av administrasjonen, og meiner dette er det mest riktige tiltaket på kort sikt for å sikre gode forutsetningar for den langsiktige drifta og dei sportslege resultata, seiar Oddmund Davik Otterlei, dagleg leiar i Hødd Fotball i pressemeldinga.

Dette blir ifølgje klubben gjort for å sikre sunn drift i Hødd Fotball. Ifølgje pressemeldinga har budsjettet hatt ei for optimistisk inntektsside og ei ambisiøs kostnadsside no ført til at klubben gjer tidlege grep for å sikre at ikkje utfordringane blir langvarige.

I pressemeldinga skriv Hødd sin daglege leiar at han framleis er positiv trass den vanskelege situasjonen.

– Heilt klart. Vi ser at vi har vært for optimistiske i årets budsjettering, men situasjonen er handterbar. Da hjelper det at stemninga i klubben i er god og at alle involverte parter er positive til å bidra, seier Otterlei.