Vann 400 meter

Arkivbilde  Foto: Anders Hoven, Digitalsport

Sport

Karsten Warholm vann 400-meteren under Oslo FIK sitt løpsstemne på Bislett onsdag kveld.

Han fekk tida 45,14.

Verdsmeisteren på 400 meter hekk prøvde seg altså på eit løp utan hekkar, men klarte ikkje å setje ny personleg rekord.

"Persen" hans på 400 meter er 44,87 utandørs, innandørs er bestetida hans 45,88 i år.

Det store målet for Warholm denne sesongen er EM i Berlin. Det startar andre veka i august.