Laurdag ettermiddag står Hødd klare på motsett banehalvdel på Grefsen kunstgress i Oslo, og skal prøve å ta med seg alle tre poenga i oppgjeret mot Kjelsås.

– Det er eit lag vi ikkje kjenner så veldig godt til frå før. Men vi har studert dei godt i forarbeidet vårt, og veit litt meir om dei. Vi møter eit Oslo-lag med mange gode spelarar – og nøkkelspelarar som held eit veldig høgt nivå. Dei stiller ofte i 4-4-2-formasjon, og har ein stor og sterk spiss i Walid Idrissi som scorar mykje mål (10 i serien så langt, journ.anm). Eit spelande lag som også er gode på dødballar, seier Sindre Eid til Vikebladet Vestposten.

Han melder om ein så å seie frisk tropp, med unntak av éin spelar i karantene.

– Diverre har vi ikkje med oss Marius Hagen, då han er ute med karantene. Elles kan det snart sjå ut til at vi har Andreas Breimyr tilbake. Karane verkar å vere friske og raske, og det treng vi. Vi ønskjer sjølvsagt ein god start på haustsesongen, seier Eid.

Spanande haustsesong

Lokalavisa møtte ein energisk gjeng spelarar på Høddvoll under onsdagstreninga, og trenar Eid meiner spelarane er klar for ein tøff, men spanande haustsesong.

Det er berre to mål betre målforskjell for Hødd som skil dei og Kjelsås på tabellen, der begge laga har 22 poeng på dei 11 fyrste seriekampane. Også KFUM, på andreplass, har 22 poeng, men dei har litt betre målforskjell enn Hødd igjen. (13 plussmål). Eitt fattig poeng skil desse tre laga frå topplaget Skeid. Med andre ord, det går mot ein uhyre jamn og spanande haustsesong.

– Vi er bra i rute trur vi. Vi har trena godt no i ei og ei halv veke, og fekk eit bra prov på at vi kan levere med ein god kamp mot Førde no i helga som var. Det er jo ikkje den tøffaste motstandaren vi har møtt i år, men vi lukkast med å gjere ting skikkeleg. Vi skal vere bra førebudd for mange tøffe kampar i haust, seier Sindre Eid.

Som ikkje legg skjul på at opprykk framleis er det store målet.

Vikebladet har tidlegare skrive om skade- og spelarsituasjonen i Hødd, noko du kan lese her:

– Eit godt år

Trenaren meiner Hødd skal vere stolte over prestasjonane det siste året, men at det sjølvsagt finnast forbetringspotensiale.

– Vi har ikkje tapt meir enn éin einaste seriekamp sidan i august i fjor. No skal vi gi gass vidare i haust, seier han til slutt.

Viktige Marius Hagen må stå over på grunn av karantene. Foto: Arkiv.