Det er berre få veker til friidretts-EM startar i Berlin. Måndag 6. august går startskotet for forsøksheata på 400 meter hekk for menn, øvinga der Karsten Warholm frå Dimna IL og Norge er den store favoritten.

Berlin-EM er hovudmålet for 22-åringen denne sesongen, men også Diamond League har blitt høgt prioritert, og Warholm har fått kjenne på eit aukande nivå på langhekken.

Abderrahman Samba har for alvor slått gjennom denne sesongen. I Paris vart han berre den andre mannen nokosinne som kom under 47,00 på 400 meter hekk. I tillegg har unge Rai Benjamin levert 47,02, medan Kyron McMasters også leverer tider godt ned på 47-talet.

Leverer stabilt og godt

Karsten Warholm har også levert. Tre gongar har han vore under 48,00, med 47,81 som sesongbeste under Diamond League i Stockholm.

– Eg synest det har gått veldig bra så langt. I år vart 400 meter hekk blei ei oppgradert øving i år, med fleire løp i Diamond Leauge. Difor måtte eg ha minst eitt løp meir i år enn i fjor for å kome meg til finalen. Vi bestemte oss for å prøve å delta på alle, berre for å få meir og meir av «feelingen» og kome meir inn i det. Det vi ser no er at eg leverer veldig stabil springing og det er det viktigaste no inn mot meisterskapen, fortel Warholm til Vikebladet Vestposten.

Stabilt er ein ting, men Warholm har også sprunge raskare enn i fjor. Hans «treigaste» løp denne sesongen, 48,22 på Bislett, var nemleg identisk med det som var hans norske rekord etter 2017-sesongen.

– Målet mitt i år var å kome under 48 sekund. Det har eg klart tre gongar til no og det viser at det skjer ting. At konkurransen har blitt så bra er også med på å «pushe» meg og med på å ta det til eit nytt nivå for min del. Eg trur det har vore bra for meg med den internasjonale konkurransen, sjølv om det er EM som er viktigast i år.

Beste løpet i Paris

47,81 i Stockholm er beste tida Warholm har levert i år. Det er både norsk og nordisk rekord, samt den fjerde raskaste tida av ein europear nokon gong. Sjølv meiner han likevel at det var eit anna løp som er sesongens beste.

– Det må nok seiast å vere då eg snubla i hekken i Paris. Eg sprang så fort sjølv om eg heldt på å ramle og eg er ganske sikker på at eg tapte meir enn det var ned til persen min der. Eg trur det ville blitt veldig bra om det ikkje var for den eine hekkepasseringa, fortel Warholm.

For sjølv med ein solid hekt på nest-siste hekken kom han inn til 48,08.

Du har meir inne enn det som per i dag er den norske rekorden?

– Forhåpentlegvis. Eg trur jo det, at det alltid er noko å hente. Eg meiner også at løpet i Paris viste det, men sidan eg ikkje kom skikkeleg inn til mål så blir det berre synsing, seier Warholm.

Hekten i Paris er sånt som skjer når ein driv med hekkeløp, og der var det lett å peike på kva som førte til at tida ikkje blei endå betre. Karsten Warholm trur også at han har fleire stadar å hente tid, sjølv utan feil i hekkepasseringane.

– Dei første åtte hekkane synest eg stort sett går ganske som smurt, men eg «slit» meir med dei to siste i form av at eg ikkje får heilt den same rytmen inn der. Er ein grådig så ser ein at det kunne ha vore endå meir flyt der.

Kan bli betre mot slutten

Warholm legg til at det er naturleg at det blir tyngre på oppløpet og at det kostar meir å halde stilen heilt inn.

– Det er noko vi jobbar med og eg synest eigentleg at vi løyser det betre og betre for kvar gong.

Verdsmeisteren har blitt kjent for dei utrulege startane sine. Ofte tek han klar leiing tidleg i løpa, medan nokre av hans skarpaste konkurrentar kanskje står distansen hakket betre. Det er likevel lite aktuelt å spare på krutet i opninga.

– Det er ikkje noko vi gjer fordi det er eit varemerke. Vi gjer det fordi vi ser at det er den måten det går fortast på. Dei sekunda eller tidelane eg ville ha tapt på å ikkje opne så hardt ville eg aldri klart å hente inn på slutten. For vår del er reknestykket enkelt, men det er nok ganske individuelt korleis slike ting fungerer.

Warholm meiner også at det er gode moglegheiter for å trene seg betre på avslutninga.

– Sluttdelen er ganske trenbar. Fart er noko ein har litt meir naturleg og som vi har utvikla ganske bra. Då ville det vere ganske dumt å ikkje utnytte den kapasiteten ein har, seier Warholm.

Noko han og trenar Leif Olav Alnes også har brukt ein del tid på er talet på steg mellom hekkane. Her har Warholm utvikla seg, og han meiner sjølv at han har eit breiare repertoar enn tidlegare.

– Eg har sprunge med 13 steg til niande hekken og 14 inn, 15 heile vegen inn og har vel også 13 til niande og 15 steg inn. Eg har prøvd litt forskjellige greier, og til no har det gått raskast med 13 til åttande hekken og 15 steg inn. Eg synest det er veldig fint at eg har eit repertoar som gjer at eg kan bytte litt etter forholda. Det gjer det enklare for meg.

Det er også liten tvil om at Warholm må klare å utvikle seg dersom han ønskjer å henge med heilt i verdstoppen i åra framover. Nivået i toppen har gjort eit byks denne sesongen, og alle dei fire beste i verda er i starten på sine friidrettskarrierar.

– Det poppar alltid fram konkurranse. Vi prøvde i heile fjor å fortelje at dette var noko som kom til å skje, men når folk var i sigersrus så gjekk det kanskje folk litt hus forbi. Det er vanskeleg å ta dei store stega kvart år. I år er det andre som har gjort det, og det er mogleg at eg treng litt meir tid for å kome opp dit. Samstundes er eg veldig glad for å vere i ein posisjon der eg alltid er føretrekt i Diamond Leauge og alltid får vere med og kjempe om dei beste plasseringane.

London før EM

Karsten Warholm meiner at det sportsleg har vore eit enormt bra år så langt, og at plasseringane også har vore bra, sjølv om han ikkje har vunne eit Diamond League-stemne denne sesongen. Han er også kvalifisert til Diamond Leauge-finalen. Før den tid skal Warholm til EM i Berlin, men aller først blir det eit gjensyn med stadion der han tok VM-gull i fjor. Warholm er nemleg spesialinvitert til Diamond Leauge-stemnet i London, der arrangørane har sett opp eit løp utanom DL-programmet for å få Warholm på besøk.

– Det var veldig stas der i fjor, med mange kjekke scener. Det sit kanskje litt igjen hos dei også, og eg gler meg til å kome tilbake og til å springe i London igjen. Det blir også ein siste test før EM og det blir kjekt å kunne avslutte med litt mimring frå i fjor før ein omstiller seg til å springe i eit nytt meisterskap.

I EM trur Warholm at Yasmani Copello frå Tyrkia vil vere den tøffaste utfordraren, men det er uansett nordmannen som er førehandsfavoritten. Warholm fortel at det meste av treningsarbeidet før EM ligg bak han.

– No handlar det meir om å få på plass overskotet og om å gjere den typen trening som eg ser på som betre enn å sitte på sofaen. Vi skal sjølvsagt passere litt hekkar og finpusse litt, seier han.

Sist veke var Warholm på Bislett og deltok på eit løpestemne i regi av Oslo og Akershus Friidrettskrets. Der var det 400 meter som stod på programmet og Warholm sprang inn til 45,14. Godt under EM-kravet og då den femte beste tida i Europa i år. Kan han finne på å springe to distansar i Berlin?

– Det er alltids ein risiko for det, men den er ganske liten. Det er enormt tøft å gjere noko sånt på seniornivå, men eg har jo gjort dumme ting før. Eg sprang 400 meter på Bislett for å få teste det ut, og det gjekk jo temmeleg bra, men det er uansett 400 meter hekk som er greia for meg, avsluttar Warholm.