På telefon frå bussen på veg heim, med Vassendgutane på stereoen i bakgrunnen, kunne Hødd-trenar Sindre Eid fortelje om eit oppgjer Hødd har hatt stort fokus på.

- Dette var ein viktig siger, og ein veldig god måte å starte haustsesongen på, utan tvil.

Han meiner Hødd leverte varene frå start av mot Kjelsås. Med mål signert Markus Naglestad og Joakim Wrele etter høvesvis 12 og 19 minutt la Hødd til rette for ein kontrollert kamp. Ein kamp som Hødd til slutt vann med siffera 0-2.

- Det var ein veldig god første halvtime av oss. Vi scorar to mål og Magnus (Myklebust, journ.anm) burde scora eit tredje. Derifrå og ut blei det eigentleg til ein stillingskrig mellom laga.

Trykkande varmt i Oslo

Vêrforholda spelte også inn meiner Eid.

- Det var enormt tøft for karane å spele i dag, med rundt 30 varmegrader utpå der og stort væsketap. Då blir det vanskeleg å halde oppe trykket over tid. Men, vi gav vekk lite, scora to mål og så lenge vi til slutt tok alle tre poenga er eg veldig nøgd. Det var ein veldig fortent bortesiger, seier trenar Sindre Eid.

Kjelsås stilte for ordens skuld ganske svekka i angrep, då deira suverene toppscorar Walid Idrissi måtte stå over grunna ein skade. Men akkurat det tenkte ikkje Eid så mykje på før kampen.

- Det er sjeldan kost at eit lag kan stille heilt friske til start. At dei mangla sin beste angripar i denne kampen var ikkje noko vi fokuserte nemneverdig på. Vi brukte energien vår på å tenkje at vi skulle spele vår fotball. Det var det viktigaste.

I bakgrunnen feira Hødd-spelarane sigeren med ananasbrus og pizza.

- Det har dei verkeleg fortent i dag. Vi snakka om å komme skikkeleg i gong i kampen, men også at vi skulle sikre oss eit godt utgangspunkt no rett etter ferien. Men, vi er svoltne på meir, og skal køyre på vidare. No blir det fri eit par dagar, så skal vi gjere oss klare til heimekamp mot Nardo på Høddvoll neste laurdag, seier Sindre Eid.

Godt nøgd med å kunne bidra

Eirik Franke Saunes starta kampen mot Kjelsås i fråværet av Marius Hagen. Hagen var ute med karantene i dette oppgjeret. Å få starte sette Saunes stor pris på, og han var blant dei som stod fram i dette oppgjeret.

- Eg er godt nøgd med å kunne bidra, og er glad for at det gjekk slik det gjorde i dag. Eg føler at det eg gjorde var roleg og kontrollert, og at vi som lag hadde stort fokus på å gjere ting enkelt. I bortekampar er det viktig å unngå å gjere for store feil. Så håper eg at eg klarte å spele lagkameratane mine gode også, seier den sindige ungguten.

Franke Saunes er blant dei verkeleg kondisjonssterke på laget, men også han kjente godt varmen under kampen.

- Puh, ja dette var spesielt. Det var utfordrande med såpass høg temperatur, og det var nesten så eg kjente at blemmene vaks fram i skoa. Det brann godt både i skoa og hovudet etter kvart. Så var heller ikkje banen vatna, så det var tørt der ute. No er eg mest av alt glad for at vi sikra oss ein viktig siger, seier Eirik Franke Saunes.

Hødd-trenar Sindre Eid var ein meget glad mann etter sigeren mot Kjelsås. Foto: Arne Flatin - Hødd Fotball.