Det er Norges Friidrettsforbund som har plukka opp den artige nyheita og tipsa Vikebladet Vestposten om verdsmeister Karsten Warholm sitt inntog i Andeby. Det gjer Dimna IL-utøvaren saman med den tyske diskoskastaren Robert Harting, den danske hekkeløparen Sara Slott Petersen og den svenske tidlegare mangekjemparen Karolina Klüft.

For den som meistrar tysk kan ein lese seg fram til det som står på sida Norsk Friidrett henta ut av bladet, men det går tydeleg fram at Karsten og dei andre idrettsutøvarane som har blitt Andeby-figurar skal hjelpe Donald til å kvalifisere seg til meisterskapet.

Ein kan lese om Karsten og dei andre, og sjølvsagt Donald også, i teikneseriebladet "Micky Maus", som kjem ut annakvar veke i Tyskland. Utgåva der Karsten er med kjem ut 27. juli i Tyskland, men vil også bli tilgjengeleg i ein engelsk-språkleg versjon frå og med starten på EM i Berlin 7. august. Ti sider er dedisert til EM i friidrett.

Spesialutgåva er forfatta av den danske forfattaren Gorm Transgaard og teikna av spanske Fernando Guëll. I snitt les 576.000 tyske born mellom seks og 13 år kvar utgåve av magasinet.