Toppidrettssjef Håvard Tjørholm stadfesta tysdag at Karsten Warholm er tatt ut til å springe både 400 meter og 400 meter hekk under EM i Berlin.

Dermed kan det bli to løp tysdag, samt løp onsdag torsdag og fredag, dersom Warholm går til finale på begge distansane.

Warholm er norges raskaste mann på begge distansane. På 400 meter hekk er han også den klart raskaste mannen i Europa så langt i år, medan han har den sjette beste tida i europa, men hans personlege rekord er klart betre enn 45,14 som Karsten har levert på sin einaste 400 meter denne sesongen.

- Det er typisk Karsten og typisk Leif Olav. Det er ein hissig kombinasjon, men ikkje noko dei er ukjende med, fortel toppidrettssjef Håvard Tjørholm under ei direktesending på friidrettsforbundet si facebookside.