Ragnhild Ertesvåg er tilbake i Hødd:

– Høyrer heime i 2.-divisjon

Etter fire år i Bergen vender Ragnhild Ertesvåg tilbake til Ulsteinvik og Hødd. Det kan vise seg som ei verdifull forsterking for eit opprykksjagande Hødd-lag.

Tilbake i blåkvitt: Etter fire år med studier og fotball i Bergen er Ragnhild Ertesvåg tilbake i Hødd. Det kan bli ei solid forsterkning for Hødd-laget som jaktar opprykk til 2.-divisjon.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Etter ein bra vårsesong har Hødd skaffa seg eit godt utgangspunkt før hausten i 3.-divisjon kvinner på Sunnmøre. Laget har framleis til gode å tape denne sesongen og har tre poengs luke ned til Volda på andreplass.