Sigeren sat langt inne for Hødd sitt smågutelag (G14) i 1/32-finalen i A-sluttspelet. Hødd tok leiinga, men Abildsø utlikna på eit frispark, og la seg bakpå. «Er abildsø interessert i å gå fram i det hele tatt?», spurte Magnus Ottosen på kamptråden til Hødd på Facebook, og fekk svar frå Geir Sundal: «Nei». Trass i høddominansen gjekk det heile til straffer. Der sigra Hødd etter to redningar frå Baraka Kazige. Seinare i kveld skal laget ut i 1/16-finale.

Straffebom, men jentejubel

Også Hareid G13 måtte ut i straffer i 1/32-finalen i A-sluttspelet. Trenar Olav Haug Vikebakk fortel at Hareid var det førande laget mot Ski IL, utan å skape det heilt store. 1–1 var resultatet før straffene, og der tapte Hareid på det sjette straffesparket.

– Gutane har spelt fire gode kampar. Dette har vore kjempelæring for oss, og noko vi tar med oss inn i haustsesongen, seier Vikebakk til Vikebladet.

Betre gjekk det då for Hareid J14 i B-sluttspelet. Dei tok seg vidare til 1/8-finalen på dramatisk vis, då Andrine Rise Gaasø sette inn vinnarmålet mot Elverum i ekstraomgangar.

– Det var mange rundt meg, men så fekk eg ballen frå ein medspelar og klarte å sette han i eine hjørnet. Vi spelte ein veldig god kamp, kommenterte målskåraren etterpå.

Ho sette også inn eitt mål i ordinær tid. Onsdag kveld ventar Fyresdal IL 2.

J16 til 1/8-finale

Hareid sitt J16-lag har onsdag slått Halsnøy 2-0 etter scoringar frå Elen Alme og Hanna Holstad Grimstad.

Hareid sitt G16-lag møter Tana i 1/16-finalen i a-sluttspelet no i ettermiddag. G14-laget til Hareid skal ut i 1/8-finale og lokaloppgjer då dei møter Ørsta i a-sluttspelet seinare i kveld.

Går for gull

Begge Hødd-laga i guteklassen (G16) enda i B-sluttspelet, og var her vidare til 1/16-finalen. Hødd2 slo Strindheim 2-1, medan Hødd1 knuste Sunndal 5–1. Onsdag kveld skal Hødd1 bryne seg mot Høybråten/Stovner, eit lag dei slo tidlegare i år. Hødd2 skal måle krefter mot Falkeid.

– Det var skuffande å hamne i B-sluttspelet, men no  går vi for å vinne heile greia. Det er vi gode nok til. I gruppespelet sleit vi med å få i gang spelet vårt på den humpete matta, seier kaptein, Iver Skeide, til avisa.

Hødd J19 ser ut til komme langt også i år. I fjor vart det semifinale. Torsdag kveld skal  laget ut i 1/8-finale mot Lier i A-sluttspelet.

Resultat onsdag ettermiddag/kveld:

J13 A-sluttspel 1/16-finale: Hødd - Sotra 0-2

G16 A-sluttspel 1/16-finale: Tana - Hareid 6-0

J14 B-sluttspel 1/8-finale: Hareid - Fyresdal 6-0

G14 A-sluttspel 1/8-finale: Ørsta - Hareid 4-1

G13 B-sluttspel 1/32-finale: Hødd - Nittedal 3-5 etter straffesparkkonkurranse.

G16 B-sluttspel 1/32-finale: Høybråten og Stovner - Hødd 0-1

G14 A-sluttspel 1/16-finale: Hødd - Bangkok Christian College 0-9