21. plass i EM

Det norske laget fekk det ikkje heilt til å stemme under lagkonkurransen i Glasgow.

Edel Charlotte Eiken Fosse og det norske landslaget i turn enda på ein 21.-plass i lagkonkurransen i EM.   Foto: EPA/WILL OLIVER

Sport

Torsdag stod det lagkonkurranse på programmet under turn-EM i Glasgow. På det norske laget stilte Julie Erichsen, Thea Mille Nygaard, Sara Davidsen, Julie Søderstrøm og Edel Charlotte Eiken Fosse frå Ulsteinvik og Hødd.

Det norske laget turna i subdivisjon tre av totalt fire, der dei beste nasjonane turna i den fjerde og siste.

Norges Gymnastikk- og Turnforbund skriv dette om den norske innsatsen på sine nettsider:

”Dei starta godt i hopp. I skranke kom nervane, det blei eit fall og ein feil. I bom var det dessverre altfor mange nervar ute og gjekk, og det enda med fire fall i dette apparatet, men jentene avslutta godt i frittståande.”

I hopp sikra Davidsen, Nygaard og Erichsen Norge 37,999 poeng og ein ok start på konkurransen.

Skranke var Edel Charlotte Eiken Fosse sitt første apparat, men dessverre var ho eit stykke bak sitt aller beste denne gongen. Ho, Thea Mille Nygaard og Julie Erichsen fekk ein totalsum på 33,198 i skranke.

I bom var det Søderstrøm, Davidsen og Nygaard som representerte det norske laget. Spesielt Nygaard var uheldig og fekk berre med seg 8,800 poeng. Den norske totalen kom på 31,333.

Siste øvinga for dei norske jentene var frittståande. Thea Mille Nygaard leverte best av dei norske med 12,100 poeng. Edel Charlotte Eiken Fosse var ikkje langt bak med 11,800, medan Julie Søderstrøm turna til 11,266. Totalt fekk dei norske jentene 35,166 poeng.

Totalsummen for det norske laget enda på 137,696 poeng. Det er nesten ti poeng bak det jentene leverte då dei vann Nordisk Meisterskap. Ein tilsvarande poengsum ville tatt det norske laget opp på ein 13.-plass, men i Glasgow blei det til slutt 21.-plass på Norge.

”Finland kom på ein 16.-plass og dei slo vi for berre nokre få veker sidan i Nordisk, så potensialet er der. No må trenarar og gymnastar jobbe med å stabilisere øvingane til VM”, skriv Gymnastikk- og Turnforbundet på sine nettsider.