Norway Cup

Cup-eventyret over for Hødd sitt J16-lag

Sunndal var for sterke i kvartfinalen.
Sport

Hødd sitt J16-lag har levert ei god turnering under årets Norway Cup. To sigrar og ein uavgjort-kamp i gruppespelet sørga for at laget tok seg til A-sluttspelet som gruppevinnarar.

I 1/8-finalen mot Snøgg hadde Hødd god kontroll på det aller meste og etter scoringar frå Anna Tødenes, Amanda Jonberg og Lisa Skotheim tok Hødd seg til kvartfinale mot Sunndal.

Det skulle vise seg å bli ei klart vanskelegare utfordring og det blei etter kvart ein tøff kamp for Hødd-jentene, med fleire smellar og baklengsmål.

Sunndal scora to gongar før pause og med tre nye scoringar i den andre omgangen vart det til slutt eit klart tap for Hødd.

Sunndal vann 5-0 og er klare for semifinale mot Nittedal.