Fredag skriv Hødd på sine nettsider at angriparen Badr Rahhaoui skal spele resten av sesongen for 3.-divisjonslaget Førde.

- Badr har fått mindre speletid på A-laget denne sesongen, og vi har hatt ein dialog med han om situasjonen hans med tøff konkurranse på spissplass og mindre førstelagsfotball. Vi håper Badr kan blomstre i eit nytt miljø og med nye utfordringer og hjelpe Førde med å berge plassen i divisjonen. Badr er ein flott og positiv gutt som har bidratt positivt i spelargruppa, og vi ønskjer å takke han for innsatsen og ønskjer han lukke til vidare, seier sportssjef André Nevstad til Hødd sine nettsider.

Rahhaoui var involvert i 22 a-kampar for Hødd i 2017, men så langt i år har han berre fått tre innhopp for a-laget.