Fredag ettermiddag stod det om Norway Cup-gull for Hareid sitt sjuarlag i J16-klassa. Laget har gått gjennom turneringa utan å tape ein einaste kamp. Torsdag måtte laget gjennom tre kampar, etter at 1/8-finalen mot Oppdal måtte spelast på nytt.

I finalen venta ein sunnmørsduell for Hareid-jentene, då motstandarlaget kom frå Blindheim IL, eit lag med nokre skikkelege storsigrar bak seg på vegen til finalen.

Kampen mellom Hareid og Blindheim opna med sjansar til begge lag, men mål blei det ikkje i den første omgangen.

Etter pause tok det likevel ikkje lang tid før det blei nettsus, men det var Blindheim som tok føringa i kampen.

Seks minutt seinare utlikna Silje Årsbog Bjåstad for raudtrøyene, men det tok ikkje mange minutta før Blindheim igjen var i føringa.

Denne gongen klarte ikkje Hareid å slå tilbake og det var dermed Blindheim som fekk med seg den største pokalen heim, men Hareid-jentene har uansett levert ei imponerande turnering på vegen mot Norway Cup-sølv.

Trenar Bård Grimstad og resten av gjengen rundt Hareidslaget er naturlegvis veldig stolte og imponerte over jentene sin innsats gjennom heile turneringa.

- I dag leverte dei ein kjempegod kamp mot eit sterkt Blindheims-lag som var sett saman av fleire spelarar frå Ålesundsområdet. Jentene var litt skuffa rett etter kampen fordi det ikkje vart gull, men no går det supert. No har dei fått sølvmedaljane rundt halsen, og det skal vi feire, fortel trenaren.

Kjekk heiagjeng. Hilde Årsbog Bjåstad og Andrea Holstad Grimstad heiar på systrene sine og resten av Hareidsjentene.