Norway Cup:

Skrudde corner i mål - er klare for semifinale

Anna Nerland Aahjem scora direkte frå corner og sikra semifinaleplass for J19-laget. Her frå kvartfinalen  Foto: Arne Flatin, Hødd Fotball

Sport

Hødd sitt J19-lag er klare for semifinale i A-sluttspelet under Norway Cup etter å ha slått Raufoss 1-0 i kvartfinalen.

I det som var ein jamn kamp på Ekebergsletta skulle det ta lang tid før den avgjerande scoringa kom, men med litt medvind i ryggen skulle det ordne seg for Hødd-jentene.

Anna Nerland Aahjem skrudde nemleg ein corner direkte i mål til 1-0 fire minutt før full tid. Raufoss klarte ikkje å slå tilbake og dermed kunne Hødd-jentene juble for avansement til semifinale.

Det betyr at det blir endå ein kamp for J19-laget fredag. Semifinalen går 19.30 fredag kveld og der møter Hødd vinnaren av kampen mellom Nordhordland og Stord.


Hødd J 19 vidare etter straffekonkurranse

Hødd spelte 8-delsfinale mot Lier IL torsdag kveld. Dei gjekk fortent vidare etter ein spennande straffekonkurranse. Hødd slo Lier 4-1.