Til finale i B-sluttspelet

Hødd sitt G16-lag slo Vestnes/Varfjell, men det måtte ekstraomgangar til for å kåre ein vinnar.

Hødd sitt G16-lag er klare for finale i B-sluttspelet etter å ha slått Vestnes/Varfjell i semifinalen.  Foto: Arne Flatin, Hødd Fotball

Sport

Hødd sitt G16-lag er klare for finale i B-sluttspelet etter ein svært spanande kamp mot Vestnes/Varfjell.

Dei blåkvite tok tidleg føringa i kampen, etter scoring frå Andreas Fjørtoft.

Vestnes/Varfjell slo tilbake på straffespark og sikra at laga måtte ut i ekstraomgangar. I den første vart det ikkje mål, men over i andre ekstraomgang sikra Hødd sigeren på ein corner.

Laget er no klare for finale i B-sluttspelet, der dei skal møte Charlottenlund. Dei var også i gruppe med Hødd. Då enda det 1-1 mellom laga.