Hødd spelte ein bra førsteomgang, der laget fekk spelet til å flyte, kom til sjansar og sette to ballar i mål, men totalinntrykket etter kampen mot Stjørdals-Blink var ikkje like bra.

– Andreomgangen er veldig dårleg. Vi er aldri truga, men vi bør handtere det mykje betre enn vi gjer. Då var vi dårlege med ballen og fekk litt panikk når Stjørdals-Blink prøvde å presse oss litt. Det verka som om vi hadde litt straum, at vi mista hovudet litt, seier Markus Naglestad.

Sist helg tapte Hødd tre poeng for Nardo, i ein kamp der Hødd starta bra, men ikkje klarte å følgje opp. Forskjellen denne gongen var at Hødd tok vare på moglegheitene i førsteomgangen.

– Det var ein komfortabel siger for oss, men kampbiletet blei likevel litt kaotisk, meiner Naglestad.

Kvifor blir det slik?

– Eg synest ikkje vi er flinke nok med ballen etter pause, vi er ikkje tolmodige nok. Samstundes jaktar Blink mål og vi blir nok litt stressa. Då klarar vi ikkje å bruke ballen fornuftig, seier Naglestad.

Han er no oppe i sju seriemål, medan Magnus Myklebust putta sitt femte i serien. Dei to er dermed dei klart mestscorande i Hødd så langt denne sesongen, og det er god hjelp i når ikkje alt fungerer spelemessig.

– Andreomgangen er vi sjølvsagt ikkje fornøgde med, men det har ofte vore slik med oss, at vi spelar ein god omgang. Då er det viktig med god utteljing, men vi må sjølvsagt opp frå det vi leverer i andreomgangen. Samstundes skal vi kose oss med tre poeng, for det var jo det viktigaste, slår Myklebust fast.

Hødd er dermed framleis heilt i ryggen på Skeid og møter botnlaget Vard Haugesund om ei veke.

– No må vi berre køyre på. Det blir nok ein tøff bortekamp mot eit lag som må ha poeng.

Då gjer det ikkje noko å ha eit par målfarlege karar på topp for Hødd.

– Eg håpar vi får halde fram med å score. Vi har fått putta ein del og det er viktig å få i gang spissane også. Det er godt at begge får seg eit mål i dag, i tillegg til at vi held nullen. Det er bra, men vi har litt meir å gå på, seier Myklebust.

Markus Naglestad sende Hødd i føringa allereie etter 12 minutt. Foto: Per Werkland.