Tysdag startar EM i friidrett på Olympiastadion i Berlin. Norge sender nedover ein av sine sterkaste troppar på mange år og i ei av hovudrollene har vi Karsten Warholm, frå Dimna IL og Ulstein kommune.

Den regjerande verdsmeisteren er den store favoritten på 400 meter hekk. Sjølv om han ikkje når heilt opp til Abderrahman Samba og Raj Benjamin endå, er Warholm ein av dei som har vore med på å drive oppover nivået på langhekken internasjonalt denne sesongen. Samstundes er han i ein klasse for seg sjølv i Europa.

Yasmani Copello er truleg den som kjem nærast, men i år har den regjerande europeiske meisteren vore over halvsekundet bak Karsten Warholm. Frå Warholm og ned til nummer tre på europastatistikken er det over eit sekund.

Ein gong i skotåret, eller var det året?

Etter VM-gullet åtvara både Warholm og trenar Leif Olav Alnes om at det ville komme nye, tøffe utfordrarar. Dei fekk heilt rett. Før denne sesongen var det duellen Warholm-McMasters som kunne sjå ut til å bli det store, men det er i staden sjuandemannen frå fjorårets VM-finale som har stole dei fleste overskriftene så langt.

På eige kontinent handlar det likevel nærast utelukkande om den norske 22-åringen. Kanskje er det nettopp det som gjer at han og trenaren har funne ut at dette er tida for å prøve seg med eit nytt ”stunt”.

I juli 2017, mindre enn ein månad før VM-gullet i London, fekk Warholm konkurrentane til å riste på hovudet under U23-EM i Bydgoszcz. Han stilte både på 400 meter og 400 meter hekk og kunne reise heim med sølv og gull. Galskap.

Etterpå sa Warholm at dette var slike ting ein ikkje kunne gjere for ofte. Ein gong i skotåret var gjerne nok.

"Kunnskapsbasert dristigheit"

Likevel er verdsmeisteren vår meldt opp i to øvingar også under EM i Berlin. Igjen står både 400 meter og hovudøvinga 400 meter hekk på programmet.

Var det galskap å prøve noko sånt i U23-EM, kva kallar ein det då på seniornivå?

”Kunnskapsbasert dristigheit”, seier Leif Olav Alnes. Risikoen blir klart større, men det kan også gevinsten bli.

Det er nokre viktige forskjellar på å springe to øvingar under EM i Berlin og på å gjere det under U23-EM. I Polen måtte Warholm gjennom seks løp, i Tyskland blir det maks fire. Som topp-12 i Europa får han automatisk semifinaleplass. Dermed blir det berre eitt løp per dag og plutseleg mykje meir ”overkomeleg” enn om han også måtte gjennom forsøk.

Kva har Karsten inne på 400 flatt?

Enkelt blir det uansett ikkje. Det er nesten forventa at Warholm skal ta gull på 400 meter hekk, sidan han har vore så fullstendig overlegen sine europeiske konkurrentar. Stiller han også på 400 meter så vil det auke sjansane for at noko kan gå gale, samt at det blir eit ekstra løp i beina før finalen på langhekken. Likevel vil han vere storfavoritt til gullet.

Slik blir det ikkje på 400 meter utan hekkar. Warholm har den sjette beste tida i Europa i år. Den norske rekorden hans frå 2017 er bak dei tre som har vore raskast denne sesongen, men både i år og i fjor stilte han i svært få konkurransar på 400 meter. Når vi då veit at Warholm har forbetra seg med over seks tidelar på 400 meter hekk, så bør det ikkje overraske om han også har ein del meir inne på den flate distansen. Då Warholm sprang inn til 45,14 på Bislett i sommar var det utan skikkeleg konkurranse. Det får han i EM og det vil heilt sikkert vere med på å piske vinnarskallen til å presse ned tidene.

Vågalt, men veldig gøy

Skulle han finne på å ta medaljar i to øvingar under EM vil det vere ein heilt vill prestasjon. Skulle ei dobling slå feil og Warholm står att utan å nå målet om EM-gull vil det vere ein skuffelse, men samstundes er det fantastiske tøft å sjå nokon som torer å prøve.

Duoen Alnes og Warholm vågar. Samstundes veit dei godt kva dei gjer. Difor er det utruleg spanande at det ser ut til å gå mot to øvingar under EM. Det betyr at dei trur Karsten kan lukkast, både med og utan hekkar, i same meisterskap.

Det er vågalt, men det er også fantastisk gøy å sjå nokon som torer, som utfordrar grensene og prøvar på det andre meiner er umogleg.

Det kan gå gale, men det er også ein viss risiko for at det kan gå veldig, veldig bra.

EM i Berlin blir ikkje mindre spanande med dobbelt så mykje Karsten Warholm. Heller tvert imot.