– Eg vart kontakta av Østersund veka etter ferien og fekk beskjed om at eg var ønska der oppe, i ei rolle som liknar på det eg har drive med i Hødd. Når ein får sjansen med ein klubb i Allsvenskan så er det forferdeleg vanskeleg å seie nei, men det er samstundes frykteleg vanskeleg å reise herfrå, fortel spanjolen.

Han kom til Hødd som fysisk trenar før 2017-sesongen, etter ein periode i Bergsøy. Tidlegare var han også innom Volda.

I Østersund skal Roldan jobbe som prestasjonstrenar.

– Eg skal jobbe både med GPS og fysisk trening, samt med kampanalyse. Det blir ein del av det same som eg har gjort her, spesielt no når Sander (Håskjold Nyland) har vore vekke. Eg skal analysere gps-data og ein del slike ting, fortel Roldan Bermudez.

Imponerte i Europaligaen

Etter at Østersund vann cupen i 2017 fekk dei også sjansen i Europaligaen og imponerte stort med å ta seg gjennom tre kvalifiseringsrundar, samt gruppespelet før dei til slutt rauk ut mot Arsenal. Men sjølv om laget ikkje kom seg forbi det engelske storlaget, fekk Østersund med seg ein 2–1 siger på Emirates Stadium i London.

Det er med andre ord eit steg opp frå norsk 2.-divisjon for den spanske trenaren.

Søndag hadde Roldan Bermudez sin siste dag på jobb i Hødd, før turen går over grensa til Sverige. I pressesona etter 2–0 sigeren over Stjørdals-Blink var det tydleg at det ikkje var berre enkelt for ”Rafa” å skulle reise vidare.

– Eg har vore her halvanna sesong, men det kjennest nesten ut som om det har vore tre-fire-fem sesongar. Det har skjedd mykje i løpet av tida eg har vore her. Når ein også ser arbeidet som Sindre (Eid) og André (Nevstad) legg ned, i fjor saman med Harald (Åsland Rise) og i år med Sander, det er heilt utruleg. Eg trur ikkje folk forstår kor stor innsatsen deira er, og eg veit ikkje kvar Hødd hadde vore utan dei. No er det litt som i 2017 då Hødd ringde. Det var eit steg opp å kome hit frå Bergsøy, og noko eg ikkje kunne seie nei til. Eg prøvde å få det til slik at eg kunne reise til Østersund etter sesongen, for målet mitt her var å få vere med på å ta Hødd tilbake dit dei høyrer heime, som er Obosligaen eller høgare, men det vart for vanskeleg å få til.

Hadde ikkje skjedd utan Hødd

Roldan Bermudez fortel at han har hatt eit personleg mål om å få jobbe i ein toppdivisjon i Europa før han blei 30.

– Eg venta ikkje at dette skulle skje, men no er eg 29 og får prøve med i Allsvenskan, i ein klubb som ønskjer å vinne ligaen. Det skjer kanskje ikkje i år, men i løpet av dei komande åra er det målet. Difor er eg sjølvsagt veldig stolt over å få sjansen, men eg er også klar over at eg aldri ville fått denne sjansen utan tida mi i Hødd.

På spørsmål om Hødd bør gå ut for å hente inn ein ny fysisk trenar etter spanjolen, avslører Roldan Bermudez at Jesper Törnqvist vil ta over ein del av oppgåvene hans. ”Rafa” trur også Hødd-spelarane er i gode hender.

– Jesper har mykje kunnskap og kan fylle rolla mi på ein veldig god måte, seier han.

Roldan Bermudez er ikkje den første fysiske trenaren som har brukt Hødd som springbrett til ein toppklubb. Heller ikkje den første spanske. Manu Torres vart henta til Brann før 2016-sesongen etter å ha jobba i Hødd i tre år.

Rafa Roldan reiser vidare til Østersunds FK. Truleg vil Jesper Törnqvist ta over ein del av spanjolen sine oppgåver.