Olav Hansen, Dimna IL, er på plass i Berlin og har akkurat sett løpet til Karsten Warholm, der han sprang seg vidare til finalen.

– Det gjekk som det skulle, det såg veldig greitt ut, kommenterer ein oppglødd friidrettsentusiast til Vikebladet Vestposten.

Han såg ein Warholm som hadde full kontroll heile vegen. Hadde han trengt det, kjenner Hansen seg trygg på at løparen hadde lagt inn eit gir eller to til.

Mange norske på tribunen

Olav Hansen fortel at dei er mange norske på tribunen. Han reiser med eit friidrettsselskap, der dei er rundt hundre stykke i reisefølget.

– Det er fantiastisk, me er ein gjeng friidrettsinteresserte som heier på alle saman, seier Hansen.

Men i praten med lokalavisa er det tydeleg at han likevel heier mest på Karsten Warholm. Denne kvelden har Hansen på seg ei t-skjorte som er pryda av nettopp Warholm, frå då han vann VM gull og gjorde det berømte Skrik-uttrykket.

Han har også vore i kontakt med Kristine Haddal, mora til Karsten. Ho kunne opplyse om at dei er eit følgje på 20-30 stykke med vener og familie som er i Berlin for å heie på Karsten.

Har trua på morgondagen

Olav Hansen og reisefølget hans er på plass og ser friidrett frå tidleg om morgonen til seint på kveld. Han har sett mange sterke prestasjonar på 400 meter flatt i dag, så Karsten må jobbe for å vinne semifinalen i morgon kveld. Men Hansen har trua på at det greier han.

– Men eg aksepterer alt. Karsten har gitt oss så mange gleder. Dette er uansett fantastisk. Karsten er eit unikum for friidretten i Noreg, slår Hansen fast.

Han har ikkje snakka med Warholm i dag, men om sjansen byr seg og han møter på han vil han ta kontakt. Men han reknar med at Warholm treng ro og konsentrasjon, så han vil ikkje forstyrre unødig.

– Dette er ei oppleving for livet, slår Hansen fast.