Ber inn til finale på Sjøborg

Sport

Etter Karsten Warholm i kveld kvalifiserte seg til finalen i 400 meter hekk for herrer i EM, melde Dimna IL frå på nettsida si om at dei ber inn til finale på Sjøborg kulturhus og kino.

Finalen er kvart over åtte på torsdagskvelden.

Dei oppmodar folk om å møte opp i god tid og lovar god stemning.