Sjå når Warholm skal springe

Karsten Warholm kan fort bli å sjå på TV-skjermen fire kveldar på rad.   Foto: Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Sport

I dag, tysdag, startar EM i friidrett på Olympiastadion i Berlin.

Karsten Warholm, frå Dimna IL, er meldt opp i to øvingar: 400 meter og 400 meter hekk.

Tysdagskvelden er det semifinale i 400 meter hekk for menn. Warholm startar i den første semifinalen som er klokka 19.55 i kveld.

Onsdagskvelden er det semifinale i 400 meter for menn. Karsten Warholm spring klokka 19.30.

Om Warholm går vidare tysdagskvelden stiller han i finale i 400 meter hekk kl 20.15 torsdagskvelden.

Og om han går vidare onsdagskvelden stiller han i finale 400 meter fredagskvelden kl 21.05. 


Friidretts-EM i Berlin:

Karsten er både storfavoritt og "outsider"

KOMMENTAR: Karsten Warholm ser ut til å "doble" under EM i Berlin. Det er vågalt, men det er også veldig spanande.



EM i friidrett:

Karsten er tatt ut på to distansar

Går for dobbelen under EM i Berlin.