Sprang seg til finaleplass

Finale-klar: Karsten Warholm var den store favoritten på 400 meter hekk i kveld og var den første til å kvalifisere seg til finalen torsdagskvelden. (arkivfoto)  Foto: REUTERS/TONY GENTILE

Sport

Karsten Warholm sprang i kveld semifinale i 400 meter hekk i EM i friidrett på Olympiastadion i Berlin. Den unge friidrettsutøvaren frå DImna IL suste inn på tida 48,67 sekund og kom på førsteplass i semifinalen.

Såleis sikra han seg plass i finalen torsdagskvelden.