Karsten Warholm greidde meisterstykket å vinne semifinalen også i kveld. Han er såleis også kvalifisert til finalen i 400 meter fredagskvelden. Tysdagskvelden kvalifiserte han seg til finalen i 400 meter hekk torsdagskvelden.

Warholm sprang i mål i kveld på tida 44,91 sekund på 400 meter, og vann heatet sitt. Han var berre 4 hundredelar frå norsk rekord.

På førehand var Karsten Warholm den sjette raskaste i Europa på 400 meter denne sesongen, med 45,14 frå Bislett. Det gav han direkteplass i semifinalen, men betydde ikkje at det ville vere enkelt å ta seg vidare til finale.

Warholm sprang onsdag i det tredje og siste semifinaleheatet, der to frå kvart heat, samt dei to beste tidene gjekk vidare til finalen.

Fire av løparane i semifinaleheatet til Warholm hadde på førehand betre personlege rekordar enn 22-åringen, men berre nederlandske Liemarvin Bonevacia hadde betre sesongbeste før semifinaleløpet. At Warholm måtte opp mot sitt aller, aller beste var det likevel liten tvil om.

Karsten Warholm sa tidlegare i dag at han visste at han måtte springe fort, og det gjorde han.

På slutten av løpet rykka Karsten Warholm i frå dei andre. Foto: Skjermdump