- Det her er heilt sjukt, det er ikkje så mykje meir å seie, var Karsten Warholm sine første ord til pressa etter at han torsdagskvelden tok gull i EM.

Medan han tidlegare denne veka har hasta seg forbi pressesona for å restituere, tok han seg denne gongen betre tid. Det var tid for å nyte eit EM-gull.

- Heilt ærleg så drit eg i morgondagen no. Eg kom hit for å ta gull hovudsakleg på 400 meter hekk. 400 meter flatt gir det berre ein liten ekstra. Eg synest det er sjukt at eg kan stå i finalen der og ta det som ein liten bonus. Eg har gjort det eg kom hit for, og ville ha vore heilt idiot om eg ikkje nøyt denne dagen, sa Warholm til Sunnmørsposten og resten av presse-Noreg.

Han skundar seg å presisere at han skal gje alt i morgon, men no vil han nyte dette gullet. Og på tribunen venta kameratane som ville feire med kompisen sin som nettopp hadde vunne gull.

Heilt intervjuet kan du lese i Sunnmørsposten.