Torsdag kveld er Karsten Warholm hovudpersonen i finalen på 400 meter hekk. 22-åringen er regjerande verdsmeister og den store favoritten før finalen, men har gitt seg sjølv ei utfordring med å også stille på 400 meter utan hekkar.

Heime på Hareidlandet er optimismen stor før Warholm skal i aksjon.

Gulltru

Odd Kåre Wiik i teknisk etat i Ulstein kommune trur på gull.

– Eg trur Karsten vinn, men det er utruleg små marginar i hekkeløp og det skal berre eit lite feiltrinn til så blir du nummer sist, seier Wiik.

Kva tenkjer du om at han også deltek på 400 meter?

– Det er supert! Det såg vi i går på kvalifiseringa. Der kan han berre sleppe alt laust dersom det går bra på hekken. Karsten er jo Karsten, og alt kan skje, men der var ein som såg veldig sterk ut i kvalifiseringa, seier Wiik.

To medaljar

Hødd-trenar Sindre Eid har tru på suksess for Warholm.

– Karsten kjem heilt sikkert til å ta to medaljar på to dagar. Eg er ganske sikker på at det blir gull i dag og medalje i morgon. Eg er optimistisk på hans vegner, naturleg nok, fortel Eid.

Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Fotballtrenaren fortel at han følgjer nøye med på friidretten og på Karsten Warholm.

– Han er ein stor inspirasjon!

Eid seier dette om at Warholm ”doblar” i Berlin:

– Eg trur han er ein som alltid ønskjer å bli betre, som vil sette seg nye mål og ønskjer å utfordre seg sjølv. Han gjer nok også dette fordi han ser han kan ta medalje i begge øvingane, vurderer Eid.

Jets heiar på Karsten

På andre sida av Hareidseidet har Jets sitt hovudkontor. Verksemda er ein av sponsorane til Karsten Warholm og hjå Jets har også Warholm ein solid heiagjeng.

– Han har ikkje gjort noko som skulle tilseie at det ikkje skulle gå veldig bra. Vi har sett på han og han gir no jernet! Eg er litt spent på det som skjedde i går i forhold til i dag, samstundes såg eg at han kanskje ikkje tok ut alt han hadde inne, fortel Sissel Riise.

Ho synest Warholm er tøff som prøvar seg på to øvingar i Berlin.

– Samstundes trur eg ikkje han gjer dette utan at han veit at han toler det. Karsten har vi trua på. Han er ein god ambassadør, både for Jets og for oss som bur her ute. Eg synest også det er dritkult med Donald-figuren dei har laga av han, det passa på Karsten, smiler Riise.

Ho rosar også Warholm for måten han står fram på i intervju.

– Han jålar seg ikkje til, er seg sjølv og har glimt i auget. Han er lik seg og det seier også ungdomane som kjenner han, fortel ho.

Sissel Riise legg til at ho har tatt bilete med telefonen av tidsskjemaet til Warholm under EM, slik at ho skal vere sikker på å ikkje gå glipp av noko.

Må ha trua

På eit anna kontor sit Geir Heltne. Han trur også på

– Eg trur han har gode sjansar i kveld, men det kan jo hende han er litt sliten etter i går. Ein må uansett ha trua!

Heltne let seg imponere over Warholm sitt semifinaleløp på 400 meter, men er usikker på om det kan bli gull også der.

– Han er moden og satsar hardt. Det er sporty gjort. Eg såg semifinalane i går og der var ein som sprang veldig fort, så det kan bli hardt med gull der, men Karsten har ingenting å tape. Eg blir veldig imponert dersom han får det til også på 400 meter, fortel Heltne.

Fantastisk fyr

Konsernsjef Øyvind Tørlen i Jets har også tru på at det kan bli to medaljar til Karsten Warholm.

– Eg trur han vinn, rett og slett fordi han er steingod! Eg har sett begge semifinalane. Han var veldig overbevisande på hekk og eg trur også det blir medalje på flatt. Eg blir ekstremt imponert dersom han greier gull på begge. Ekstremt imponert, men sjansen er der. Det er kanskje litt fjollete, men eg trur han spring begge distansane fordi det blei for enkelt å berre køyre hekk. At han gjer dette for å pushe seg og gjere noko nytt, noko ingen andre har gjort. Det kler han, seier Tørlen.

Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Konsernsjefen er stolt av samarbeidet med Warholm og rosar 22-åringen før EM-finalen på 400 meter hekk.

– Vi kunne ikkje hatt ein betre ambassadør enn Karsten. Det er ein fantastisk fyr, som står for dei verdiane som vi ønskjer å stå for. Han er modig, framoverlent og offensiv. Han er seg sjølv, dønn ærleg og torer å vere litt annleis. Det er heilt topp! slår Tørlen fast.

Må ikkje ta noko for gitt

Trond Berg er leiar i Dimna IL og ser veldig fram til Warholm sitt finaleløp torsdag kveld.

– Dette er spanande og vi må på ingen måte tru at det er sjølvsagt at det skal bli gull. Dei prestasjonane som har vore til no er heilt utrulege. Vi vart jo kjempepositivt overraska i fjor då det blei VM-gull, men berre det å ha ein kar frå Ulsteinvik, frå vesle Dimna IL i ein EM-finale og som storfavoritt, det betyr at vi allereie har fått meir enn vi kunne forvente, seier Berg.

Han fortel at det med nokre timar igjen til finaleløpet er i ferd med å breie seg ei spent sitring i kroppen. Han skal sjå løpet på storskjerm på Sjøborg saman med Dimna IL og håpar at mange vil ta turen for å sjå finalen i fellesskap.

– Vi håpar at bygdefolket også vil kome. Det handlar om å kjenne litt på å vere saman, og det er jo det vi ønskjer å bygge på i Dimna også, bygge på ein fellesskapsfølelse. Der er Karsten og teamet også veldig flinke til å dra med andre. Det blir peika tilbake til kompisar og til miljøet. Det er jo det vi prøvar å få til i all idrett, for ein blir ikkje god åleine, men i dag er det Karsten som gjer jobben.

Berg er imponert over den tøffe satsinga til Warholm i Berlin, der han no skal springe to finalar på to dagar.

– Eg veit ikkje kven andre som kunne finne på noko sånt. Ein ting er løpa og det ein fysisk skal gjennom, men tenkt på det trykket som er rundt Karsten, både med media og andre ting. Det er eit enormt trykk og det er alt det andre enn sekunda på banen som er ganske heftig. Eg tar av meg hatten endå ein gong for det Karsten held på med, fortel Berg.

Finalen på 400 meter hekk går 20:15 torsdag kveld.