Sjølv om Karsten ikkje vann gull i kveld, men kom på sisteplass i finalen, er ikkje familien og støtteapparatet hans skuffa av den grunn.

- Dette var eit flott forsøk av Karsten. Det å kome til 400 meter finale er uansett kjempebra i ei øving han ikkje har som førsteprioritet. Det vart for tøft for han å halde heilt inn, men det visste vi kunne skje når det var så mange krevjande løp på rad. Vi er svært nøgde med Karsten sin prestasjon!, kommenterer Kristine Haddal til Vikebladet Vestposten.

Stolt og audmjuk

Trond Berg, leiar i Dimna IL, nyttar høvet til å gratulere Karsten. Berg meiner at Karsten Warholm i kveld viser for ein stor idrettsmann han er.

- Roser andre på ein dag der kreftene ikkje held heilt inn. Er stolt og audmjuk over å få ha ein slik utøvar i klubben som inspirator og forbilete, seier Berg til lokalavisa og minner om NM i Byrkjelo til neste helg. Dit kjem EM-meisteren og deltek. Så då kan lokalbefolkninga reise dit å sjå han springe. Det gler i alle fall Berg seg til.

Takkedikt til Karsten

Hanne Notøy (sportsidiot, hobbylyrikar og patriot) er så storleg imponert over Karsten Warholm at ho etter løpet sette seg ned og lage eit lite takkedikt.

Fredag, taco og finale på 400 meter flattEg bøyer meg i støvet og tek av min hattFire løp på ei lita vekeGje det var eg som var like spreke

Isbad brukt som restitusjon Alnes sponsa isen, ein dugeleg porsjonEg hakka tenner, eg fraus av å sjå påMen slikt må vel til om ein pallen vil stå på

Gull i hekkeløp , nummer åtte på flattEg hyperventilerer, vert mesta heilt mattKonkurransen den vart for sterk i dagMen hjelpes kva du og Leif Olav, får til i lag

No sprett eg sjampanjen og hever mitt glasRøys deg min ven, bli med på kalasFor Karsten og Alnes me skålar i dagEit hærleg tospann, dokke i lag

Skål og til lukke med fantastisk innsatsKARSTEN