Vingbacken skaffa først straffa som førte til Hødd si første scoring før han avgjorde kampen til Hødd sin fordel i den andre.

– Det der var utruleg herleg. Det vart ein slitekamp og det var godt at vi klarte å få med oss sigeren, fortel Eid.

Det var topp mot botn på Haugesund stadion, og sjølv om Hødd til slutt vann fortent, så var det på ingen måte spel mot eit mål. Og før denne kampen hadde ikkje Hødd vunne mot Vard på dei fem siste oppgjera.

– Det å møte eit botnlag er ikkje berre enkelt. Dei kjempar for livet. Vi kjempar i toppen av tabellen og dermed er det to lag som jobbar mot noko som møtest i dag, det er ikkje berre-berre, men dersom vi spelar opp mot der vi skal vere så vinn vi og det gjorde vi i dag, seier Eid.

2–1 sigeren fører Hødd midlertidig til toppen av avdelinga, men det var ikkje alt av prestasjonar som såg ut til å tilhøyre eit topplag.

– Vi var variable. Vi klarte i for liten grad å vende spelet, klarte ikkje etablere nok spel på deira halvdel og det blei for mykje ”hawaii”. Vi vinn likevel 2–1 på gras og eg synest det var fortent.

Laurdag scora Eid sitt første seriemål for Hødd. I tillegg skaffa han laget straffe som Markus Naglestad sette i mål. Det var dermed ein godt fornøgd 19-åring som snakka med Vikebladet Vestposten etter kampen.

– Det følast veldig herleg. Det er ikkje så ofte eg er innblanda med å score mål, så det var utruleg kjekt. Det er alltid godt å bidra med mål og det må eg berre nyte, for det er sikkert hundre kampar til neste scoring, ler Eid.

Scoringa kom også på eit svært gunstig tidspunkt. Vard Haugesund hadde akkurat utlikna, men Hødd slo knallhardt tilbake berre få minutt seinare.

– Det var viktig, når vi scorar igjen rett etterpå så følast det som at vi har grepet om kampen. Det var kjekt, seier Eid.

Hødd-trenar Sindre Eid var også glad for at scoringa kom så kjapt etter utlikninga.

– Vi gir vekk ballen for enkelt og gir vekk ein overgang. Det snakka vi om i pausen om at det var slike ting vi ikkje skulle gjere. Då fekk dei blod på tann og då var det viktig at scoringa kom så raskt som den gjorde.

Etterpå skapte ikkje Vard Haugesund det heilt store. I staden kontrollerte Hødd, men utan å imponere stort med ballen. Det viktigaste var likevel dei tre poenga og at Hødd framleis er med heilt i toppen

– Det einaste som tel er poenga. Vi spelar borte, det er graskamp mot eit desperat Vard-lag som har forsterka seg i sommar. Då er det sterkt å vinne borte, dei spelar i same divisjon som oss og det som betyr noko er at vi vinn kampar, fortel Hødd-trenar Sindre Eid.

Han er einig i at prestasjonen til Hødd var midt på treet, men at det var godt nok til å sikre dei tre poenga.

Laurdag var det sonen til Sindre Eid som avgjorde kampen for Hødd, med sitt første seriemål for klubben.

– Han har jo nokre målgjevande, men er ikkje så ofte like direkte involvert som i dag, med både straffe og scoring. Det var på tide, han har hatt nokre sjansar tidlegare og han må vel berre nyte det i kveld, for det kan nok bli ei stund til neste gong, skjemtar trenaren, før han legg til:

– Nei, det Daniel er ofte oppe der og han har fått beskjed om å ta endå meir ansvar, både gjennom å utfordre ein mot ein, som han gjer i dag, og gjennom å avslutte sjølv. Det har han ferdigheiter til og det får vere ein del av utviklingsmåla hans å verte endå dyktigare i den delen av spelet, seier Sindre Eid.