Underteikna hadde fått førespegla at symjarane ville bruke mellom to og to og ein halv time over Snipsøyrvatnet. Men den første symjaren symde i land på Holsesanden etter berre 1 time og tolv minutt.

Nicolas Bathfield er gamal elitesymjar frå Frankrike. Tobarnsfaren, som no bur på Garnes, fortel at på den tida trente han fire timar for dag. Men han la opp i 2002. Men han la nok ikkje heilt opp. For 4-5 år sidan, då han budde i Sverige, var han maratonsymjar og vann eit stort meisterskap.

- Få med at han har vunne mange pokalar, slengjer sonen Eyvind inn.

Bathfield sjølv dempar det heile ned. No sym han ikkje like ofte, morgonbading eit par gonger i veka. Men no som han har kome i kontakt med triatlon-gjengen på øya kan det vera at han byrjar å trene i lag med dei.

Verst første stykket

Det var 11 menn og ei kvinne som stilte til start. Ingvil Eilertsen Grimstad var med for første gong. Ho skal vere med i Hareidlandet Triatlon den 2. september og heiv seg med også på SnipSnapSwim. Ho brukte ein time og femti minutt.

- Kvifor er du med på dette?

- Eg synest det er veldig kjekt miljø rundt Hareidlandet triatlon. Der skal eg vere med i lag med to veninner. I det siste har eg byrja symje. Det er ein veldig kjekk idrett, der eg ikkje belastar kne og slikt, svarer ho og legg til at det var ekstra spennande at dette arrangementet er utandørs.

Ho innrømmer at ho syntest det var litt skummelt. Ho har aldri symd så langt før, og det var veldig djupt, men det gjekk fint.

Symjeturen starta i demninga i Kaldholen. Det var litt trått i starten, syntest Grimstad, då det var ganske stri straum og siv i vatnet. Men så gjekk det betre. Ho sette pris på at det møtte litt folk langs vatnet og heia på symjarane, sjølv om det ikkje var så lett å gje publikum merksemd.

Den yngste deltakaren var berre 12 år: Christoffer Ottesen. Også han gjennomførte og symde dei 5,1 kilometerane på ein time og 55 minutt. Godt gjort!