Hødd-rekruttane har berre plukka med seg seks poeng på sine første 14 kampar i 3.-divisjon avdeling 1. Dermed er laget heilt avhengige av poeng dersom laget skal kunne ha nokon sjanse til å unngå nedrykk denne sesongen.

Måndag får Hødd 2 ei tøff utfordring, då Drøbak-Frogn tek turen til Høddvoll. Laget slo rekruttane til Hødd 4-2 i vår og er heilt oppe på ein tredjeplass i avdelinga.

Fleire ut

Hødd 2 har mista fleire spelarar som har bidrege for laget denne våren. Elias Flø har flytta til Kristiansund og skal no spele for KBK 2, medan både Daniel Haanes og William Fjørtoft har meldt overgang til Østsiden, der Tor Arild Janson-Haddal er trenar. Begge debuterte for 3.-divisjonslaget i 2-1 sigeren over Gjelleråsen laurdag.

Sterk bruttotropp

Det ser likevel ut til å vere ein sterk Hødd-tropp til kampen mot Drøbak-Frogn. I bruttotroppen som er publisert på fotball.no er det med sju spelarar frå a-troppen. Benjamin Boujar kan få sine første minutt i Hødd-drakta og i troppen er også Preben Sætre, Andreas Breimyr, Peter Hasund, Joachim Osvold, Johannes Sundgot og Robin Hjelmeseth. I tillegg er Jesper Törnqvist i troppen for første gong denne sesongen.

Laget er samstundes avhengige av å ta ein del poeng i haust. Frå Hødd 2 og opp til sikker plass er det ti poeng før dei siste 12 kampane.