Hødd 2 har slite tungt så langt denne sesongen, og veit godt at dei er nøydde til å plukke poeng i haust dersom dei ønskjer å bli verande i 3. divisjon.

Kampen heime mot Drøbak-Frogn måndag ettermiddag starta veldig bra – og heimelaget fekk raskt lønn for strevet.

For berre etter fem minutt blei ballen spelt flott fram frå Johannes Sundgot til Joachim Osvold, som gjorde alt rett og sette inn 1-0 til Hødd. Dei blåkvite hadde ballen desidert mest i opningsminutta, så dette målet var særs fortent.

Drøbak/Frogn prøvde seg eit par gonger framover dei fyrste tjue minutta, men det var Hødd som kontrollerte kampen.

Etter 27 minutt var Drøbak/Frogn litt for nære ei utlikning, men ballen strauk tverrliggaren på sin veg ut. Etter dette var det mange sjansefattige minutt fram mot halvtid. Fem minutt før pause hadde Magnus Fagernes ein enorm sjanse til å utlikne for sitt Drøbak/Frogn, då han heilt uhindra fekk skyte frå god posisjon. Diverre for gjestane skaut han godt over mål. Hødd avslutta omgangen med null baklengs og hadde med det sikra seg eit godt utgangspunkt for dei siste førtifem.

Nummer to for Osvold

Drøbak/Frogn opna andre omgang med større intensitet enn Hødd. Det førte til fleire hjørnespark på rad, og potensielt farlege sjansar for gjestane.

Men, Hødd tok over ballen etter kvart, og etter 52 minutt skulle nok eit mål bli resultatet av godt press frå heimelaget. Peter Hasund dribla seg fram langs venstresida, og kunne enkelt sende ballen vidare forbi utspelte forsvarar og ein keeper på bærtur - til Joachim Osvold. Osvold hadde berre éin enkelt forsvarar mellom seg og målet, og tuppa enkelt inn sitt andre mål i kampen.

Berre tre minutt etter målet hadde Robin Hjelmeseth ein god sjanse til å setje Hødd sitt tredje for dagen, men keeper fekk slått ballen ut. Same mann hadde nok ein god frisparksjanse etter 64 minutt, men også denne gongen hadde keeper kontroll. Også fleire andre Hødd-spelarar var svært nære mål fram mot det 75. speleminutt. Det var målsjansar på rad og rekkje frå dei blåkvite i denne perioden. Det enda til slutt med ein solid tomålssiger for Hødd heime på Høddvoll.

Det kan også nemnast at Daniel Notanes Brandal fekk sin debut i 3. divisjon i denne kampen, då han kom inn for tomålsscorar Joachim Osvold.

- Vinn fortent

Trenar Sander Håskjold Nyland meiner laget gjorde ein periodevis god prestasjon mot Drøbak-Frogn, og at heimelaget var best.

- Eg meiner vi vinn fortent. Dette er eitt av topplaga, og dei har ein del gode spelarar. Men, vi var godt førebudde. Eg er meir nøgd med andre omgang enn den første, då vi har meir kontroll på kampen. Vi held på roa, og speler kampen bra ut. Dei skaper berre éin sjanse i andreomgangen, og då har vi gjort jobben vår godt. Det var godt med ein siger, det gjer godt for laget, seier Håskjold Nyland.

Kampfakta

3. divisjon – Norsk Tipping-ligaen avdeling 1

Hødd – Drøbak-Frogn 2-0 (1-0)

Høddvoll

Tilskodarar: 100

Dommar: Even Myrheim – Emblem IL

Gule kort: Mats Vågan (Drøbak-Frogn)

Mål: 1-0 Joachim Osvold (5), 2-0 Osvold (52)

Hødd (4-4-2): Benjamin Boujar – Johannes Sundgot (Heltne Nilsen, 79), Jesper Törnqvist, Preben Sætre – Håkon Botn Brautaset, Andreas Malde Breimyr (Haddal Worren, 54), Bam Hide (Gustav Brandal Dimmen, 72), Bastian Myklebust Rasmussen – Robin Hjelmeseth, Peter Hasund, Joachim Osvold (Notanes Brandal, 86)

Innbyte:

Isak Moen Endal, Ola Heltne Nilsen, Håkon Grimstad Thormodsæter, Tobias Pettersen Hatløy, Gustav Brandal Dimmen, Petter Haddal Worren, Daniel Notanes Brandal