Først etter 100 spelte minutt og ein straffesparkkonkurranse kunne vinnaren kårast på Høddvoll.

Det var gjestane frå RBK som fekk den beste starten på Høddvoll og som skapte kampens første halvsjansar, utan at det blei veldig farleg i boksen til dei blåkvite.

RBK opna best

Bortelaget hadde ballen mykje i opninga, medan Hødd var ivrige på å ta kontringsmoglegheiter.

Etter 15 minutt gjekk RBK opp i leiinga etter ei flott scoring. Ballen vart lagt inn frå høgre og i feltet dunka Patrick James Strand til på volley og ballen fauk inn i det lengste hjørnet. Det var svært nære at Hødd utlikna med ein gong, etter fine kombinasjonar mellom Peter Hasund og Gustav Dimmen. Sistnemnde fekk avslutta frå bra posisjon, men skotet gjekk på utsida av stolpen.

I denne perioden såg RBK ut til å ha brukbar kontroll på kampen, spesielt i banespelet, men frå tid til anna klarte Hødd å smette inn nokre gode overgangar og duoen Dimmen og Hasund skapte fleire gongar problem for forsvaret.

Peter Hasund fekk ein kjempesjanse etter 40 minutt. Først vart Gustav Dimmen takla like utanfor 16-meteren, men ballen trilla vidare til Hasund som storma mot mål og fekk avslutta frå sju-åtte meter, men også denne avslutninga gjekk til side for mål.

Kapteinen utlikna frå 45 meter

Sju minutt ut i den andre omgangen skulle Hødd-kaptein Bam Hide sende i veg eit skikkeleg skremmeskot. På eit frispark frå 45 meter sende Hide ballen mot mål der keeper stod litt for langt ute. Rosenborg-keeperen fekk litt å stri med, men klarte så vidt å vippe ballen over tverrliggjaren.

Men Hødd-kapteinen skulle få fleire sjansar og etter 68 minutt fekk Hødd frispark i om lag identisk posisjon. Igjen sende Hide ballen presist og hardt mot mål og igjen stod RBK-keeperen for langt ute. Denne gongen nådde han ikkje tilbake og ballen fauk inn i det tomme nettet til 1–1.

Hødd skapte dei fleste sjansane i den andre omgangen, men også Isak Endal i Hødd-målet måtte i aksjon ved eit par høve for å hindre scoring.

Ekstraomgangar

Verken Hødd eller RBK fekk ballen i mål fleire gongar i løpet av ordinær tid og dermed måtte laga ut i to gongar fem minutt ekstraomgangar.

Den første ekstraomgangen var ikkje særleg innhaldsrik, men etter eit kjapt sidebyte skulle det bli meir hektisk.

Etter 97 minutt scora Rosenborg og Hødd hadde dermed berre tre poeng på å skaffe ei utlikning.

Det blei tre minutt der Hødd fekk ei rekkje frispark og det dei blåkvite pumpa ballen opp i RBK sin 16-meter, men der det såg ut til at tida skulle renne vekk for Hødd. Like før full tid i andre ekstraomgang gav ein slik dødballsituasjon RBK sjansen til å kontre og ballen enda også opp i målet bak Isak Endal, men assistentdommaren stod med flagget oppe og vinka av for offside.

Dermed nytt Hødd-frispark og ein ny sjanse for Bam Hide til å få ballen heilt opp i RBK-sin 16-meter. Frisparket såg i utgangspunktet ut til å vere for langt og keeper kom ut for å plukke ballen, men i staden for å halde den i fast grep mista keeper og då vart det fullt kaos i feltet. Innbytar Daniel Notanes Brandal dukka opp på rett plass til rett tid og fekk pirka ballen i mål til 2–2.

Målet kom på overtid i ekstraomgangen og dommar blåste av like etter avspark, noko som betydde at laga måtte ut i straffesparkkonkurranse.

Der scora Rosenborg på alle sine straffer, sjølv om Isak Endal gjekk rett på alle fem. Keeperen var på fire av straffene, men fekk ikkje nok kontakt til å halde ballen ute.

Heller ikkje RBK sin keeper redda i straffesparkkonkurransen, men på Hødd si tredje straffe var Petter Haddal Worren uheldig. Han fekk for mykje luft under ballen som fauk over mål. Det var einaste bommen og dermed var det RBK som kunne juble for avansement.

Stolt kaptein

– Eg synest vi spelar ein god kamp. I starten så sleit vi litt med å kome i gang, men eg synest vi stod godt mot RBK og var bra, fortel Hødd-kaptein Bam Hide.

Han var sentral for Hødd, både med scoring og med frisparket som enda med utlikning til 2-2, og kapteinen var fornøgd med måten Hødd kom tilbake på etter Rosenborg sine scoringar.

– Eg er stolt av gutane, vi kjempa veldig bra i dag!

Målet til Hide var av det spektakulære slaget, på frispark frå om lag 45 meter! Og det var på andre forsøk frå same posisjon.

– Keeperen stod så langt ute, så då prøvde eg igjen. Det var ein herleg følelse å sjå den gå inn, fortel han.

Det var naturleg nok nokre skuffa Hødd-spelarar som måtte innsjå at RBK sikra avansementet, men samstundes kunne dei blåkvite gle seg over ein god prestasjon på Høddvoll.

Hødd stilte med: Isak Moen Endal - Ola Heltne Nilsen, Håkon Grimstad Thormodsæter, Tobias Pettersen Hatløy, Bastian Myklebust Rasmussen, Johannes Sundgot, Isak Skotheim, Bam Hide, Gustad Dimmen, Petter Haddal Worren, Peter Hasund.

Benk: Joakim Ulstein, Sondre Gjerdsbakk, Daniel Notanes Brandal, Andreas Fjørtoft, Kristian Vatsaas.