Karsten Warholm sprang fredag kveld inn til finaleplass på 400 meter. Det berre kort tid etter at han tok NM-gull på 400 meter hekk og forsøket på 400 meter var hans tredje løp på berre nokre få timar. Det vart med andre ord ein hektisk fredag for den nybakte europameisteren.

Likevel tok Warholm seg tid etter forsøket på 400 meter til å treffe lokale ungar som ønskte å møte helten, og det er ikkje tvil om at 22-åringen trivst på Byrkjelo.

- Det her er fantastisk, det er dårleg vêr, det bles og regnar, men alle stiller opp likevel. Det er godt å sjå for at folk her gjer sitt for at dette skal verte eit bra NM, seier Warholm, som er eitt av dei store trekkplastra under NM.

For Warholm har det berre vore ei lita veke sidan han var i Berlin for å konkurrere om EM-medaljar. Då er det sterkt å legge opp til fire 400 metrar på to dagar helga etterpå.

- Det er tungt, det kan ikkje vi kome rundt. Eg synest likevel eg fekk det veldig bra til på 400 meter hekk i dag og det var det store målet. Gitt dei forholda som var så er nok løpet der det beste eg har gjort i eit NM, seier Warholm.

For forholda var ikkje enkle?

- Nei, det var tungt med vinden og alt sånt, sjølv om eg prøvar å ikkje skulde på slike ting. Eg synest eg klarte å få til eit bra løp trass forholda, fortel han til Vikebladet Vestposten.

Det var ikkje mykje pause Warholm fekk før han igjen skulle ut på tartandekket for å ta seg til finale på 400 meter.

- Det var litt tyngre, men eg håpar framleis det var gøy å sjå på og det er nok for meg, seier han.

Men korleis har Warholm lada opp til NM, med så kort tid på seg frå EM i Berlin.

- Eg har eigentleg berre slappa av og så har vi sjølvsagt trent litt lett, fortel han.

Warholm sin trenar, Leif Olav Alnes, var i godt humør etter å ha sett Warholm ta seg vidare frå forsøket på 400 meter. Trenaren rosar eleven etter første NM-dag.

- Det er krevjande, men Karsten er utruleg flink til det. Han er ein jorda fyr og forstår at NM er viktig for norsk friidrett. Det er veldig viktig at dei største stjernene er her og viser seg fram og det er viktig at dei prøvar å gasse på. No var det relativt krevjande forhold, men han "gunna" på og eg synest han var kjempeflink, seier Alnes.

Med tre løp i beina frå fredag er det ei utfordring for Warholm å skulle prestere i finalen på 400 meter allereie laurdag, men med eit smil slår Leif Olav Alnes fast:

"Tomorrow is another day".

Karsten Warholm på pallen saman med Øyvind Strømmen Kjerpeset og JOachim Sandberg.