Det er berre litt over ei veke sidan Karsten Warholm tok EM-gull på 400 meter hekk. Fredag vart det NM-gull på same distansen.

Warholm hadde full kontroll i forsøket sitt fredag ettermiddag og det var ingen som var i nærleiken i finalen heller.

22-åringen frå Dimna IL tok kommandoen i løpet frå start og storma inn til eit suverent NM-gull. Warholm sprang inn til banerekord med 49,01. Øyvind Strømmen Kjerpeset tok sølv, medan Joachim Sandberg frå Sandnes IL tok tredjeplassen.

Warholm skal også springe forsøk på 400 meter fredag kveld.