(Sunnmørsposten): Fredag er det tre veker sidan det blei kjent at Sivert Heltne Nilsen var på veg til den danske klubben Horsens. Det førte til at det byrja å koke i fotballgale Bergen. Korleis kan klubben selje ein av sine viktigaste spelarar, og det i ein sesong der dei toppar serien og kan hente gullet «hem til Bergen».

Sinnet blei rettet mot både Brann og ikkje minst Sivert Heltne Nilsen sjølv. Korleis kunne han, som har vore Brann-supportar heile livet, tenkje på å forlate klubben?

Tre dagar seinare var overgangen eit faktum. Det skjønte sportskommentator Anders Pamer i Bergens Tidende lite av. Han meinte klubbvalget var umogleg å forstå, og at det var drøyt å forlate Brann no.

Sjokkovergangen

BT-blogger Eduardo «Doddo» Andersen gjekk hardare til verks. Han meinte salet av Heltne Nilsen likna eit svik. Det var mange som hadde meiningar, og ikkje minst mange spørsmål etter det som ble beskrive som ein sjokkovergang i pressa i Bergen.

Men Heltne Nilsen sjølv har stort sett heldt seg taus. Han har latt seg intervjue av NRK og VG då overgangen skjedde, men det er ikkje alle spørsmåla han ønskjer å svare noko inngåande på. Det gjeld blant anna kvifor han valde å forlate Brann.

– På det spørsmålet må eg berre svare at det var klubbane som blei einige om ein overgang, så det må du nesten ta med Brann og Horsens, seier han til Sunnmørsposten, og svarar som han har svart til andre som har spurt om det same.

Vi sit saman med den tidlegare Hødd- og Brann-spelaren på innbytarbenken på Horsens storstove CASA Arena. Her har Heltne Nilsen bare rokke å spele éin kamp, men det kan bli mange kampar på spelaren som signerte ein femårskontrakt.

– Men du forstår det er mange som lurer?

– Det er naturleg, men det er som sagt klubbane som har blitt einige om overgangen. Det er det som er realiteten, seier han utan å ville utdjupe det noko meir.

– Ein fin test

Han vil heller ikkje svare på om Brann prøvde å tilby same vilkår som han fekk i Horsens, som eit siste forsøk på å få han til å bli verande.

Nesten tre veker etter overgangen har ting roa seg meir ned for midtbanespelaren.

– Eg har sjølvsagt fått med meg at det var litt støy, men eg stengde alt ute og kunne ikkje bry meg om det. Eg føler eigentleg at det har gått ganske bra, men dette har vore ein fin test for meg, seier han.

Men 26-åringen innrømmer at det ikkje var lett å vere fokusert i dagane før overgangen gjekk i boks.

– Det var vanskeleg når eg ikkje visste korleis det skulle gå, det at ting kunne endre seg i løpet av ein dag. Men når alt var avklart, då gjekk det veldig bra.

Har gått sin eigen veg

– Det blei sagt og skrive mykje om både ditt og Brann sitt val i denne saka. Kva tenkjer du om det?

– Det er mogleg det, men eg prøvde ikkje å oppsøke alt som blei skrive om meg. Eg har hatt ein strategi eg har følgt, som eg trur er den rette vegen å gå for å bli ein betre fotballspelar. Då kan eg ikkje la meg påverke av alt som blir skrive heile tida. Eg tror det er ein viktig ting, spesielt når du speler i Brann.

Overgangen til Horsens har nok heller ikkje vore lett for trenar og pappa Lars Arne Nilsen, som ikkje har ønskt å seie spesielt mykje om hans rolle i overgangen. Kva anbefalte trenar Lars Arne, og kva meinte pappa Lars Arne? Det er spørsmål som det framleis ikkje har blitt svart på.

– Eg trur han toler fint det som har skjedd, for han har vore gjennom krevjande ting før. Det handlar om å vinne fotballkampar, og no ser det ut som dei får eit veldig godt lag. Eg skal sjølvsagt følgje så tett med som det går an. Når du har jobba så tett på denne gjengen i tre år, når du har vore med på ein så stor opptur, så gjer det noko med deg.

Heltne Nilsen: – Jeg følte meg vanvittig ønsket

Avviser at pengar er drivkrafta

Sjølv om mange har vore sinte på både Brann og Heltne Nilsen, har han ikkje opplevd mindre hyggelege ting. Men på eit bilde han la ut på Instagram, var det fleire som kommenterte med eit pengesymbol. I bergenspressa har det blitt antyda at Heltne Nilsen fekk ei fin lønsauke i Danmark, som også har ein gunstig låg skattesats for blant anna fotballspelarar.

– Eg berre ler litt av folk som kommenterer slikt, men folk må få lov til å tru det dei vil. Eg speler ikkje fotball for pengane si skuld, det er heilt sikkert. Pengane kjem aldri til å vere mi drivkraft. Det å få utfordringar og føle seg så ønska som eg blei, det er slike ting som betyr noko.

Ettersom Heltne Nilsen ikkje har latt seg intervjue av norsk media meir enn to gonger etter overgangen, har han opplevd stor pågang frå journalistar som vil ha klare svar. Då har mobiltelefonen heller blitt liggande.

Her er Sivert Heltne Nilsens nye fotballiv

– Eg har også ambisjonar

– Eg trur det er viktig å ikkje fokusere på for mange ting samstundes når du er fotballspelar. Det viktigaste å fokusere på er det sportslege, sjølv om det kokar rundt deg. Det er det sportslege som driv meg videre. Det å snakke med journalistar er ikkje det eg likar best, sjølv om det kan vere hyggeleg, seier midtbanekrigaren og legg til:

– Det er spelet som er lidenskapen min. Det å spele fotball er det beste eg veit, og eg kjenner at eg blir lei meg av å tenkje på at eg ein dag ikkje skal spele meir fotball. Difor handlar det om å bli så god som mogleg for min del, for eg har også ambisjonar, seier 26-åringen, som no får oppfylt drømmen sin om å spele i utlandet.

– No er det store målet å lukkast i Superligaen. Det hadde vore fantastisk å gjere det med Horsens. Det er ein klubb som tidlegare har vist at dei har sendt spelarar til større klubbar og ligaer. Det er sjølvsagt noko som har spelt inn i mi avgjersle. Klubben har sagt både til meg og i media at dei ønskjer å la meg gå vidare om eg skulle få sjansen, seier Heltne Nilsen.

– Lettare å bli oppdaga

– Du vurderer det slik at det er lettare å bli oppdaga her enn i Norge?

– Det er ein del ting som tydar på det, som at det kan vere fleire speidarar her. Eg trur det er enklare å kome seg ut frå Danmark enn i Norge, men vi får sjå om det er slik. Det viktigaste er at eg leverer her.

Det at det skapte så mykje støy i Bergen då Heltne Nilsen forsvann, kan ein også sjå på som eit stort kompliment for midtbanekrigaren. Det seier noko om den standingen han hadde bygd seg opp i Brann, der han var ein av dei mest sentrale spelarane bak suksessen trenarfar Lars Arne Nilsen har hatt.

– Eg er vanvitig glad for den tida eg har hatt i Brann, det har vore heilt rått. Det er ei utruleg oppleving å spele for favorittklubben min, rykke opp, kjempe om medalje og å vere i toppen. Målet då eg kom til Brann var å få dei tilbake til toppen av norsk fotball. På ein måte kan ein seie at eg har klart det, sjølv om eg ikkje er med på den siste vesle etappen. Det blir spennande å sjå kor bra Brann kan gjere det til slutt.

Ser ikkje bort frå ein Brann-retur

– Tenk dersom Brann tek seriegullet, så sit du i Danmark?

– Det hadde vore fantastisk om dei gjorde det. Eg unner verkeleg alle i Brann, supportarane og heile byen akkurat det. Eg kan ikkje tenkje så mykje på det, men eg har vore med på det om dei skulle bli seriemeistrar. Det hadde vore stort.

– Kva tenkjer du om moglegheitene for å spele for Brann igjen?

– I fotball kan alt skje, og det er noko av det som gjer fotballen så spesiell. Eg har ein lang kontrakt her, men plutseleg kan det skje noko, seier han etter nokre sekunds tenkepause.

Men Heltne Nilsen vil helst fokusere på det som skjer vidare i Danmark. Måndag ventar ein ny kamp mot AaB i Superligaen. Etter 2–2 mot Hobro i debuten og 3–0-tap borte mot FC Midtjylland i den neste kampen, håpar 26-åringen å endeleg kunne juble for sin første siger i Horsens-drakta.

Brann-kapteinen: – Spillerne forstår Siverts avgjørelse

Topp seks

– Eg har kome til ein veldig fin klubb med eit godt miljø, så eg er heilt sikker på at eg kjem til å trivast godt her. For min eigen del er eg fornøgd med min første kamp, medan det eg gjorde i den andre var ok. Sjølv om vi tapte 3–0 mot førre sesongs seriemeister, så er eg ikkje skremt av nivået. Dei som kjenner meg som spelar veit at eg er avhengig av folk rundt meg for å prestere, og det blir nok litt betre når vi får tettare relasjonar på bana.

Horsens ends på sjetteplass i Superligaen i fjor. Ambisjonane er å kome blant dei seks beste denne sesongen.

– Dei ønskjer å bruke meg som ein defensiv midtbanespelar, så eg får ei lik rolle som eg hadde i Brann. Horsens ønskjer å etablere seg som eit stabilt topplag, som gjer at det kan bli spennande å vere her. No ser eg fram til å berre kunne fokusere på det som skjer her og no, avsluttar han.

Denne saka blei først publisert i Sunnmørsposten.

Sivert Heltne Nilsen har fått køyrt seg godt i både media og blant supportarane etter at han valde å forlate Brann midt i gullkampen. No vil han helst berre tenkje på det som skjer i hans nye klubb Horsens. Foto: Kristian Stenerud/Sunnmørsposten.