Dimna IL stilte heile tre lag under stafettane for kvinner og menn under siste dag av NM på Byrkjelo, eitt i herreklassen og to i kvinneklassen.

Karsten Warholm var i utgangspunktet satt opp på herrelaget til Dimna IL, men etter å ha kjempa seg til to gull allereie måtte Warholm prioritere restitusjon i staden for stafett og herrelaget til Dimna IL blei dermed: Sture Måseide, Iver Moldskred, Jonas André Ose og Ådne Andersen.

Her måtte Dimna springe i første heat, der det berre var Dimna IL og Florø som stilte. Her var det Florø som var sterkast, men ingen av desse laga kunne gjere noko med Ull/Kisa i det andre heatet. Dei vann med tida 1.53,98 framom Skjalg og BUL.

Dimna IL stilte også to lag i kvinneklassen.

På det eine stilte Renate Grimstad, Anna Kleven, Caroline Amalie Sætre og Alice Ulla Berg. På det andre var det Johanne Rise Kvalen, Kornelia Roppen, Marthe Mjøen Berg og Leonita S. Brandal som sprang.

Dimna sitt førstelag låg lenge godt an i konkurransen, men klarte ikkje å blande seg inn heilt i toppen og enda til slutt på femteplass med Dimna sitt andrelag på andreplass.

Tyrving, med Amalie Iuel på sisteetappen, gjekk heilt til topps, medan Selsbakk tok andreplassen og Ull/Kisa sikra seg bronse.