Hareidsdølen Triatlon, arrangert av Hareidlandet Triatlon, gjekk av stabelen søndag formiddag. Det hadde nok knytt seg svært store forventingar til årets arrangement, og spesielt i seniorklassen, som var fullteikna få dagar etter at påmeldinga starta i vinter. Arrangørane sette ei øvre grense på 75 deltakarar i Hareidsdølen Triatlon, og 55 av desse skulle ta alle tre etappane sjølve, det vil seie symjing, sykling og springing. I tillegg stilte rundt 20 lag, der lagmedlemmane kunne fordele etappane mellom seg.

Løypa i år var noko tøffare enn i fjor, og bestod av 750 meter symjing, 20 kilometer sykling og 1.000 meter springing.

Først over målstreken blant dei som tok heile triatlonen sjølv var Tor Inge Remme, som fullførte på tida 1.15,03.

- Ei knalltid, ifølgje løpsleiar Daniel Slettebakk.

På plassane bak kom Knut Vikebakk, som sprang i mål på tida 1.15,31 og André Fiskerstrand på tida 1.15,35. Så det vart uhyre jamt i toppen, med andre ord. Alle tidene på dei som prøvde seg på komplett triatlon ser du under.

Sjå komplett resultatliste her. (Ekstern lenkje).

Borna i sentrum

Men før dei vaksne sette i gong var det mange born og unge, mellom 6 og 15 år gamle, som deltok. Dei kunne velje mellom tre ulike grupper, gruppe A, B og C, alt etter kor langt dei ønskte å symje, sykle og springe. Rundt 50 born var med på denne aktiviteten. Totalt var det nok over 500 menneske på plass ved Holesanden denne søndagen.

- Eg blir rett og slett rørt av å sjå kor mange som kom hit i dag. Det er utruleg skøy å sjå alle som vil vere med på å leike. For det er trass alt det som er i sentrum for oss i Hareidlandet Triatlon, leik og fysisk fostring. Sjølvsagt, blant dei vaksne betyr tidene noko, men generelt sett er det viktigare at folk kjem saman og gjer noko sosialt og fysisk utfordrande i fellesskap - sjølv om det også er eit konkurranseaspekt ved det. Her er alle vinnarar, seier Daniel Slettebakk og legg til:

- Alle her har dessutan noko felles, og det er kjekt å sjå at folk finn saman over felles interesser. Dette handlar ikkje nødvendigvis om han eller ho som kjem i mål på ei knalltid - det handlar like mykje om dei som har sett seg personlege mål, og som gjer det dei kan for å nå dei.

Og dei viktigaste deltakarane er borna, meiner Slettebakk.

- Heilt klart. Dei er arvtakarane etter oss vaksne som spring her, og vi håper sjølvsagt at gode opplevingar hos dei kan vere med på å auke interessen for Hareidsdølen Triatlon også i framtida.