Karsten på tredjeplass

Deltok under kontinentalcup i Ostrava.
Sport

Laurdag var det klart for 400 meter hekk under kontinentalcupen i Ostrava. Karsten Warholm var blant favorittane, sjølv om konkurransen frå spesielt Abderrahman Samba var venta å bli knalltøff.

Warholm gjekk godt dei første 200 metrane, men Samba var med og var først ut på oppløpet. Samba vann løpet på sterke 47,37 og var suveren. Annsert Williams frå Jamaica tok andreplassen med 48,46 medan Warholm enda på tredjeplass med 48,56.

– I dag var det ingenting å gjere med Samba. Han er sikkert også sliten, men gjer eit fantastisk løp. Han er sprek og kunne sikkert løpt heile året, seier Warholm til NRK etter løpet.

Med sitt løp sikra Warholm seks poeng til Europalaget. Yasmani Copello kom på fjerdeplass og fekk fem poeng. Dermed var det Europa som kom best ut av kontinenta på langhekken.

Kontinentalcupen held fram søndag. Etter første dag er det dei amerikanske kontinenta som er i leiinga. Dei har 135 poeng, medan Europa på andreplass har 123.