Vann 10 kilometer

Olger Pedersen frå Dimna IL vann Simplyhealth Great Tees 10K i Stockton-on-Tees i England.

Olger Pedersen vann Great Tees 10K i England laurdag. Neste helg skal han springe Berlin Marathon.  

Sport

Langdistanseløparen Olger Pedersen, som for kort tid sidan vann halvmaratondistansen under Nordvest Maraton, vann denne helga løpet Simplyhealth Great Tees, som blir arrangert i Stockton-on-Tees i England.

Pedersen kom i mål til vinnartida 33:46. Då var han halvanna minutt framom nestemann.

På sin instagram-profil skriv Pedersen: - Burde vel løpe raskare, men tenkjer eg har endå eit gir på lur til neste helg.

Då skal Pedersen delta under Berlin Marathon.