Jaktar tre poeng på bortebane

Hødd møter botnlaget Vidar i Stavanger.

Andreas Breimyr er igjen aktuell for Hødd etter å ha mista kampen mot Egersund sist.  

Sport

Det er topp mot botn når Hødd møter Vidar på bortebane søndag. Sindre Eid tek likevel ikkje lett på oppgåva som ventar i Stavanger.

– Vidar er eit godt heimelag og har tatt meir poeng heime enn ”Kåffa” har gjort (før denne serierunden journ. anm). Vi reiser sjølvsagt ned dit for å prøve å ta tre poeng, men også for å prøve å prestere mot eit lag som ligg der dei gjer på tabellen. Det har vi hatt litt trøbbel med før i år og det må vi sjå om vi ikkje kan gjere noko med, seier Hødd-trenar Sindre Eid.

Vidar fekk med seg poeng frå Høddvoll tidlegare i sesongen, i ein kamp som enda 1–1. Då tok det si tid før Hødd verkeleg kom i gang.

– Likevel burde vi ha vunne den kampen relativt komfortabelt, både når ein ser på spel og etter kvart også sjansar. Det enda med to tapte poeng der heime, men det får vi prøve å sørge for at ikkje skjer denne gongen. Vi veit samstundes at det ikkje er enkelt å møte lag som er desperate etter poeng, slik som Vidar er no. Det blir inga enkel oppgåve, men er vi på det nivået vi kan og skal vere på, så skal vi ha store sjansar for å reise heim med tre poeng, seier Eid.

Vidar har tapt sine fire siste kampar i 2.-divisjon. Sist laget tok poeng var i heimekampen mot KFUM 4. august, då det enda 2–2 på Lassa. Sist veke tapte Vidar 1–4 for Brattvåg og før kampen mot Hødd er det seks poeng opp til sikker plass for laget. I andre enden av tabellen kan Hødd ta tilbake førsteplassen frå Skeid, som gjekk forbi laurdag etter å ha slått VIF 2 etter straffescoring på overtid.

Hødd har vunne tre av sine fem siste, men det har berre blitt uavgjort i dei to seinaste kampane for dei blåkvite.

Andreas Breimyr er tilbake i troppen for Hødd, men dei blåkvite må framleis klare seg utan Marius Hagen. I tillegg er Joachim Osvold suspendert til denne kampen.

Kampen på Lassa startar 15:00 og du kan sjå den her på Vikebladet.no:


Vidar - Hødd

Det er botn mot topp på Lassa Gress når Hødd spelar borte mot Vidar.