Nitrist bortekamp av Hødd

Svak prestasjon i sjansefattig kamp, då Hødd tapte for botnlaget Vidar.

Bendik Rise kom nærast for Hødd med eit skot i metallet då Hødd tapte borte for Vidar.  

Sport

Hødd var store førehandsfavorittar før bortekampen mot Vidar søndag ettermiddag. Sjølv om Hødd berre hadde fått med seg to poeng på dei to siste kampane, var det likevel forventa at bortelaget skulle vere sterkast mot eit Vidar-lag som slit i botnen av avdelinga.