Solid medaljefangst under Lerøy-leikane

Dimna-utøvarane representerte Møre og Romsdal på framifrå vis i Måndalen.

Gulljenter: Amanda Osnes Låbakk og Andrea Skaar Berg tok begge gull under Lerøy-leikane i Måndalen.   Foto: Arve Hatløy/Dimna IL

Trippel: Andrea Skaar Berg vann finalen på 60 meter hekk framom Synnøve Verås Grimstad og Amanda Rud Garshol, også dei frå Dimna IL.  Foto: Arve Hatløy/Dimna IL

Sport

Måndalen IL stod som arrangørar av årets Lerøy-leikar, som i år feira at det var 50 år sidan leikane starta opp, då som Donald Duck-leikane. Leikane blir arrangert tre stadar i Norge, og i Måndalen var det krinsane Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark som var representert. Utøvarane under Lerøy-leikane er 13 og 14 år gamle.

Totalt var det Nordland som stakk av med sigeren. Dei sikra seg 299 poeng og vann framom Nord-Trøndelag med 289. Møre og Romsdal kom bakfrå på oppløpet og tok tredjeplassen med 253 poeng.

Mange av poenga vart plukka av utøvarar frå Dimna IL, som kom heim med fire gullmedaljar, fem sølv og to bronsemedaljar.

På 60 meter hekk i J13-klassa slo Dimna-jentene til med første-, andre- og tredjeplass. Andrea Skaar Berg vann med 10,30 framom Synnøve Verås Grimstad og Amanda Rud Garshol.

Dette var ei av to gullmedaljar Andrea Skaar Berg sikra seg i Måndalen. Ho tok også førsteplassen i lengde, samt sølv i høgde og på 60 meter. Synnøve Verås Grimstad tok gull på 200 meter hekk, medan Amanda Osnes Låbakk sikra seg gullet i diskos.

Gabriel Overvåg (G14) tok sølvmedalje på 60 meter med tida 7,79. I forsøket sprang Overvåg på 7,74. Overvåg var også nære medalje på 200 meter, der han enda på fjerdeplass med tida 25,66.

Maria Teige tok sølv på 1000 meter kappgang, samt bronsemedalje i stavkonkurransen.