Nytt steg mot opprykk?

Hareid 2 jaktar framleis sesongens første poeng, men får truleg ei tøff oppgåve borte mot eit Hasundgot-lag på opprykksjakt.

Hasundgot vann 6-1 over Hareid 2 då laga møttest på Hareidsmyrane sist veke. Tysdag møtest laga på Hasundgot stadion.   Foto: Leiv Arne Grimstad

Sport

Det er berre ei knapp veke sidan laga møttest til dyst på Hareidsmyrane, men tysdag er det klart for eit nytt møte mellom Hasundgot og Hareid 2.

Sist veke var det Hasundgot som tok med seg poenga heim etter femmålssiger på bortebane. Då heldt Hareid 2 godt unna i den første omgangen, trass eit sjølvmål, men etter pause viste Hasundgot styrke og sikra ein komfortabel siger.

Ein er for alvor inne i den avgjernade perioden i 6.-divisjonssesongen. Etter kampen mot Hareid 2 har berre Hasundgot to kampar igjen. Først heime mot Gjerdsvika/Larsnes/Gursken FK 2, før det som truleg blir ein avgjerande kamp om opprykk borte mot Vanylven.

Det er likevel svært tett i toppen og både Hødd 3 og Bergsøy 2 kan blande seg inn i opprykkskampen dersom dei to topplaga snublar. Dei to skulle ha spelt laurdag, men denne kampen vart flytta til eit seinare tidspunkt.


Hasundgot nærmar seg 5.-divisjon

Hasundgot er eit steg nærare 5.-divisjon etter 6-1-sigeren over Hareid2 på Hareidsmyrane stadion onsdag kveld.